Hopp til innhold

Prinsesse Märtha Louise om livet i offentlegheita: – Vil visa kvinner at det går an å bryta ut

Framfor 200 medieleiarar fortalde prinsessa om livet i pressa sitt søkelys. – Det var veldig invaderande.

 Prinsesse Märtha Louise på Medieleder 2023

KRITISK: Prinsesse Märtha Louise møtte fleire medieleiarar i Bergen onsdag føremiddag.

Foto: Tuva Aaserud / NTB

Prinsesse Märtha Louise møtte onsdag føremiddag til samtale på Medieleiar-konferansen i Bergen.

Framfor 200 norske redaktørar og leiarar fortalde ho om si erfaring med pressa.

Vel to veker er gått sidan ho kom med krass kritikk mot media under SKUP-konferansen i Tønsberg.

Heller ikkje i dag var ho tilbakehalden på kritikken.

– Det var veldig invaderande, fortalde prinsessa om medietrykket som ung.

 Prinsesse Märtha Louise på Medieleder 2023

Politisk redaktør i VG, Hanne Skartveit, intervjua prinsessa under Medieleier-konferansen i Bergen.

Foto: Tuva Åserud / NTB

– Hadde ingen plass å gøyma meg

Politisk redaktør i VG, Hanne Skartveit, leia samtalen frå scena. Ho starta med å spørja korleis det var å vera ung prinsesse.

– Eg var veldig sjenert. Eg følte ikkje at eg hadde noko plass å gøyma meg. Det var ikkje noko som berre var mitt. Alt var offentleg, seier Märtha Louise.

Presset frå media gjorde at prinsessa til slutt gjekk inn i ein djup depresjon.

– Det var fotografar over alt der eg gjekk. Til slutt begynte eg å banka på vindauga til bilane deira og spurde kva dei ville meg. Det var ein overlevingsmekanisme, eg måtte ta kontroll over situasjonen.

Les også: Durek Verrett: – Folk vil ikkje sjå ein svart mann i kongefamilien

Durek Verrettt og Märtha Louise
Durek Verrettt og Märtha Louise

Vil vera eit forbilde for kvinner

Fleire gongar i løpet av samtalen prata prinsessa direkte til redaktørane som sat i salen.

Spesielt då Skartveit spurte om media si interesse i kjærleikslivet hennar vende prinsessa ansiktet mot publikum.

– Eg lurer på kven som hadde vore gode nok for meg? Eg er sikker på at om det var ein prins hadde det vore feil, det også, seier prinsesse Märtha Louise.

Prinsessa sitt kjærleiksliv, med mellom anna Ari Behn og Shaman Durek, har vore gjenstand for diskusjon i media over fleire tiår.

– Om eg berre var ho tilbaketrekte og pene, som kanskje media ynskjer, hadde eg ikkje vore eit eksempel for kvinner som tør, seier prinsessa.

– Kanskje eg kan vera ho som opnar opp og viser kvinner at det går an å bryta ut.

Les også: Prinsesse Märtha Louise: – Er det noen som har opplevd et mediekjør?

Gjer det for borna

På spørsmål om kvifor prinsessa ville stilla til intervju framfor pressa atter ein gong, drog ho fram borna sine.

– Eg vil ikkje at dei skal gå gjennom det same som eg har gått gjennom. Det veit eg ikkje om dei klarar.

Prinsessa understrekar at det var mykje hardare klima i pressa før.

I avslutninga på den 30 minuttar lange samtalen fortalde ho at journalistar også har sagt unnskyld for korleis dei behandla ho og Ari Behn tidlegare.

 Prinsesse Märtha Louise på Medieleder 2023

Prinsessa fortalde at ho vart djupt deprimert av alt presset frå media tidleg i 20-åra.

Foto: Tuva Aaserud / NTB