Hopp til innhold

Fann Pride-flagget brent og øydelagt

Fredag vart eit stort regnbogeflagg stole frå kunsthuset i Øystese. Laurdag morgon låg det brent og dumpa.

Prideflagget ligg øydelagt på fotballbana.

BRENT: Slik såg pride-flagget ut laurdag morgon.

Foto: Privat

– Her finst det homofobe haldningar som me må få slutt på., seier Dany DeVero.

Han er fødd og oppvaksen i Øystese, ei lita bygd i Kvam herad i Vestland.

Der bur han framleis, og til veka skal han arrangere Bygdepride på heimstaden for første gong.

Men det er det ikkje alle som er like glade for. Laurdag morgon låg pride-flagget brent og kasta i elvekanten.

Dany DeVero i drag klede.

PRIDE: Dany DeVero er fødd og oppvaksen i Øystese i Kvam herad. Han er skeiv og drag artist.

Foto: Privat

Ventar meir frå kommunen

Pride er ei feiring og markering av skeive sine rettigheiter i heile verda. Det siste året har fleire småplassar arrangert Bygdepride.

Ifølge DeVero har fleire grupper i lokalsamfunnet vore negative til arrangementet.

– Plakatar med informasjon om Bygdepride har blitt rivne ned og flagg har blitt stolne, fortel arrangøren.

Seinast fredag føremiddag vart eit svært regnbogeflag stole frå kunsthuset Kabuso i sentrum av Øystese.

Det var dette flagget ein medarbeidar ved kunsthuset fekk beskjed via augevitne om at vart brent ved fotballbanen same kveld.

Neste dag gjekk DeVero på leiting i området.

– Eg fann det liggande i elvekanten, seier DeVero, som ikkje vil legge skulda på unge eller ungdommar.

– Det er kommunen som har ansvaret for å legge til rette slik at skeive kan ha det godt i lokalsamfunnet. Vaksne må snakke med borna sine om pride, slik at dei forstår kva det står for, seier DeVero som etterlyser fleire tilbod for skeive i lokalmiljøet.

Brenning og stjeling av pride-flagg har vore ein gjengangar i sommar, mellom anna på Bøler i Oslo.

Prideflagget ligg øydelagt på fotballbana.

SYMBOL: Regnbogeflagget er eit symbol for dei skeive. Laurdag morgon vart dette funnen øydelagt i Øystese.

Foto: Privat

– Uvisst kva dette betyr

Ordførar i Kvam herad, Torgeir Næss (Ap) fortel til NRK at han ikkje vil spekulere i kva som er motivet bak å brenne flagget.

– Det kan vera barn og unge som har gjort det som hærverk eller for å få merksemd, utan ein større ideologisk baktanke.

– Uansett er det ille fordi dei brenn eit symbol på kjærleik og toleranse, legg ordføraren til.

Næss fortel at han ikkje har fått noko negative tilbakemeldingar på Bygdepride. På spørsmålet om kva kommunen gjer for å legge til rette for dei skeive er han meir usikker.

– Det må du nok spørje nokon andre enn meg om. Men eg oppfattar ikkje Kvam som eit intolerant samfunn mot dei skeive, seier ordføraren som sjølv skal stille under pride-arrangementet fredag.

– Det er på høg tid at det blir arrangert noko slikt i vår kommune, seier Næss.

Torgeir Næss

IKKJE INTOLERANT: Ordførar i Kvam herad, Torgeir Næss (Ap), meiner lokalsamfunnet generelt er positive til skeive og pride.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

– Alle er annleis

For Dany DeVero har det brente pride-flagget starta ei flamme i han sjølv.

– Då eg såg det øydelagde flagget ligge i elvekanten tenkte eg over kor viktig det er å arrangere pride i Øystese.

Han håpar merksemda kring det brente flagget vil føre til at fleire opnar opp auga for kva pride er, og kvifor det er naudsynt å arrangere det.

– Pride er ikkje berre for skeive. Det er for alle som er annleis. Og ingen her i verda er like, seier drag-artisten frå Øystese.