Hopp til innhold

Vil ha tre sakkunnige for å vurdere den siktas mentale tilstand

Politiet har bedd Sogn tingrett om å få oppnemnt tre rettspsykiatrisk- og rettspsykologisk sakkunnige for å vurdere den trippeldrapssikta sin mentale tilstand, med tanke på ei rettssak.

Politiadvokat Jørn Lasse Førde Refsnes og politimester i Sogn og Fjordane politidistrikt, Ronny Iden, møtte pressen onsdag 06.11.13.

Pressekonferanse om trippeldrapet i Årdal.

Politiadvokat Jørn Lasse Refsnes opplyser etterforskinga framleis er i ei tidleg fase, og at etterforskinga vert styrt frå Sogndal lensmannskontor, med bistand frå Kripos.

– Det er sendt inn begjering til Sogn tingrett om å få oppnemnt tre rettspsykiatrisk og rettspsykologisk sakkunnige for å utføre ei fullstendig judisiell observasjon av sikta til bruk for straffesaka, seier Refsnes.

Dei sakkunnige er førebels ikkje offisielt oppnemnde, men politiet reknar med at det vil skje i løpet av dagen.

No jaktar politiet intenst for å finne ut kva motiv den 30 år gamle asylsøkjaren frå Sør-Sudan kan ha hatt for å knivdrepe tre personar på Valdresekspressen måndag kveld.

– Hovudfokus er å få tak i så mange detaljar som råd om omstenda rundt denne tragiske hendinga. Det gjeld både det faktiske hendingsforløpet, men også gjerningsmannens motiv, i den grad det finst noko slikt. Opplysningar om motiv vil vere av stor betydning for den strafferettslege vurderinga av saka, seier politiadvokat, Jørn Lasse Refsnes.

Han legg til at det også er viktig å finne svar både med tanke på dei pårørande, men at det også er av betydning for samfunnet.

Står att fleire vitneavhøyr

Politiet har fått snakka med mange av vitna på staden, men dei er framleis ikkje heilt i mål.

– Det vert jobba med å avhøyre personar som har hatt tilknyting til gjerningsmannen i Årdal. Det står framleis att vitneavhøyr knytt til sjølve hendinga, seier Refsnes.

Føraren av ein BMW som vart etterlyst tysdag, har vore i kontakt med politiet og er avhøyrd.

Dei tre drepne vert obduserte ved Gades Institutt i Bergen i dag, med etterforskarar frå Kripos til stades.

– Det vert også gjort nye undersøkingar av bussen i dag, seier Refsnes.

Politiet er i løpande dialog med forsvararen til den trippeldrapstiltalte sudanesaren, i forhold til når eit avhøyrt kan verte gjort. Den trippeldrapssikta asylsøkjaren er framleis på Haukeland universitetssjukehus, ved tidlegare Sandviken sykehus, og er vakta av politiet.

– I forhold til informasjon vi har om hans psykiske tilstand, er det lite truleg at han vert avhøyrt i dag, seier Refsnes.

Den sikta blir framstilt for fire veker varetektsfengsling i morgon.

(Artikkelen held fram under videoen)

– Eg registrerer at det er ein del innspel i media i forhold til køyretid, men utifrå den informasjonen eg har, i forhold til dei som har teke valet, så har eg forståing for avgjerda som vart teken, seier politimeister i Sogn og Fjordane politidistrikt, Ronny Iden

Politimester forsvarte responstid

Avhøyr av sikta er svært viktig

Politiet legg ikkje skjul på at det er svært viktig å få på plass avhøyr av den sikta, men når dette kan skje, er heilt umogleg å seie noko om.

– Dette vert vurdert fortløpande. Vi kan ikkje gi noko signal om når det vil late seg gjere, seier Refsnes.

Når det gjeld hendingsgangen, så har ikkje politiet noko meir konkret informasjon å gå ut med.

– Vi har snakka med ei rekkje vitne, så vi har danna oss eit godt bilete av akkurat det, seier Refsnes.

Men han understrekar at politiet framleis er interesserte i å komme i kontakt med vitne som kan ha sett eller høyrt noko i området.

Beredskapen skal evaluerast

Fleire har vore kritiske til at politiet brukte så lang tid på å komme fram til åstaden, og at dei valde å køyre Filefjell framfor å køyre fylkesveg 53, som ville korta tida monaleg.

– Denne hendinga skal evaluerast, men det er ikkje komme i gang endå. Vi må avslutte dei umiddelbare oppfølgingane i kjølvatnet av saket først. Men vi er i dialog med Politidirektoratet om korleis dette skal vere, seier politimeister i Sogn og Fjordane politidistrikt, Ronny Iden.

Det har komme kritikk frå fleire hald etter at det kom fram at politiet brukte ein time og 11 minutt på å komme seg til åstaden.

– Det er lang tid. Men eg har tidlegare sagt at vegvalet som vart teke, var forsvarleg. Det skal sjølvsagt også evaluerast. Men å berre sjå på utrykkingstiden, vert for snevert. Dette må sjåast i ein større samanheng. Det er heile beredskapssituasjonen som skal evaluerast, understrekar Iden.

Altså, kunne dei med dei ressursane dei har, hatt ein betre beredskap i området.

- Den beredskapen er mitt ansvar, og det er det som skal evaluerast, seier Iden.

Rosar brannmannskapet

– Eg registrerer at det er ein del innspel i media i forhold til køyretid, men utifrå den informasjonen eg har, i forhold til dei som har teke valet, så har eg forståing for avgjerda som vart teken, seier Iden.

At det var ambulansepersonell og brannmannskap som tok hand om den drapssikta mannen, rett og slett fordi dei tykte det tok for lang tid før politiet kom fram, har ikkje politimeisteren problem med.

– Eg tykkjer det er flott at dei gjorde det som var naudsynt på staden. Dei har kjent eit ansvar og har teke det, seier Iden.

Når det gjeld motivet til den trippeldrapssikta, har det førebels ikkje komme fram noko som forklarar det som har hendt.

– Det er eit spørsmål som står heilt ubesvart. Mannen visste at han hadde fått avslag på sin asylsøknad, men vi har ingen opplysningar om at han visste at han skulle transporterast ut dagen etter, seier Refsnes.

Politiet kjenner heller til kva mannen skulle då han tok bussen.