Hopp til innhold

Byrådet varslar omkamp om bybanen over Bryggen i 2021

BERGEN (NRK): Byrådet i Bergen vil planlegge for både tunnel og trasé forbi Bryggen. SV meiner dei set heile utbygginga i fare.

PRESENTERTE VEGEN VIDARE: Thor Haakon Bakke (MDG) og Roger Valhammer (Ap) orienterte om planane vidare for bybaneutbygging til Åsane.

Byrådet i Bergen inviterte i all hast til pressekonferansen torsdag. Temaet var som mange gongar før: Bybanen mot Åsane.

Kvar banen skal gå mot den store bydelen nord i Bergen har vore diskutert og krangla om i bergenspolitikken i årevis.

I 2016 gjorde Bergen bystyre vedtak om at bybanen skal gå over Bryggen på veg til Åsane. Men fire år er lenge i politikken, spesielt i Bergen.

I valkampen i fjor pressa Høgre, Senterpartiet og Raudt vidare på at også eit tunnelalternativ må utgreiast. Og i bystyret er det no fleirtal for å legga Bybanen i tunnel i Bergen sentrum.

No ligg det altså an til omkamp om traseen i 2021.

Byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) og byutviklingsbyråd Thor Haakon Bakke (MDG) orienterte torsdag om planen vidare for bybaneutbygginga til Åsane.

"Mot Vågen", vinnarutkast arkitektkonkonkurranse Bergen

MOGLEGHEIT: Byrådet har tidlegare invitert til konkurranse om korleis Torget og Bryggen i Bergen kan bli med bybanen. Dette var vinnarutkastet.

Foto: Asplan Viak m.fl.

Vil planlegge to trasear samstundes

På pressekonferansen fortalde Valhammer at dei skal greia å planlegga for både tunnelalternativ og Bryggen-alternativet, utan at dette skal forseinka prosessen.

Dei vil no setja i gang det dei kallar ei «skissefase» av reguleringsplanarbeid for ein tunnel bak Bryggen.

Byrådet understrekar at dette ikkje er ein full reguleringsprosess, fordi det både ville bli unødvendig dyrt og forseinke arbeidet med å byggja bybanen til Åsane.

Byrådet skal deretter presentere skissa for bystyret, slik at dei folkevalde har grunnlag for å bestemma seg for kva av dei to alternativa ein skal gå for.

Tidlegare har bybaneplanleggarane vorte kritiserte for å ikkje ha eit godt nok grunnlag for å kunna samanlikna dei to alternativa for ein av dei mest kontroversielle samferdslestrekningane i landet.

Byrådsleiaren seier bystyret vil få dei to alternativa til ny behandling seinast hausten 2021.

– Vi vil bestille ei parallell planlegging av to trasear. Vi meiner dette sikrar raskast mogleg framdrift for utbygginga til Åsane, sa Valhammer (Ap) på pressekonferansen.

Bybanen over Bryggen

VAR FLEIRTAL, MEN: Bystyret i Bergen har vedteke traseen over Bryggen, men fire år etter er det ikkje lenger fleirtal for det.

Foto: Nils Eivind Horneland / Illustrasjon

SV reagerer

Opposisjonen har tatt til orde for at det bør lagast ein parallell regulering av begge dei to alternativa.

Samanlikna med eit skisseprosjekt ville dette ha betydd ei langt meir detaljert og omfattande arbeid, som ville ha resultert i at den endelege avgjerda kunne ha vorte utsett til tidlegast i 2023.

Byrådet vil no planlegge ein trasé som går i tunnel frå Kaigaten, underjordisk haldeplass bak Vetrlidsalmenningen og i tunnel til vidare vedteken trasé frå Sandviken og nordover.

– Byrådet vel i dag å sette heile bybanen til Åsane i fare. Det er uansvarleg, fordi dei spelar ballen over til dei som vil gravleggje bybanen ein gang for alle, seier Mikkel Grüner (SV).

Han meiner parallell planlegging skapar uvisse for heile bybaneprosjektet. Utbygginga til Åsane er allereie sett på vent i fleire år, til fordel for utbygging til Fyllingsdalen, nettopp fordi traseen i sentrum er så omdiskutert.

– Sentrumsbyrådet spring frå sitt aller viktigaste valløfte. Vi kjem aldri til å akseptere ein omkamp om bybanen og vi er det siste partiet som no står fast på den vedtekne traseen langs Bryggen, seier Grüner.