Hopp til innhold

Preben si takling frå 2011 går framleis verda rundt

Med jamne mellomrom ser millionar Preben si flygande takling. Her er historia bak bildet frå norsk tredjedivisjon som er blitt ein internett-farsott.

Preben Strypet si legendariske takling på Jotun stadion.

LEGENDARISK: Biletet frå Årdal er for mange blitt synonymt med amatørfotball.

Foto: Morten Sortland / Sogn Avis

I høljeregnet på den våte grasmatta i Øvre Årdal handlar alt om å berga eitt poeng for heimelaget Årdal FK. Det står 1–1 i det klokka nærmar seg 90 minutt mot topplaget Fana. Måljegeren Preben Strypet mønstrar dei siste kreftene han har og kastar seg inn for å hindra Fana-spelaren i å få ballen framover i bana.

*Klikk*.

Augeblikket er fanga i eit bilde.

Biletet frå fotballkampen i 2011 har sidan den gong blitt delt jamleg på internett.

Millionar har sett det og googlar du «Sunday league tackle», er dette det første bildet som kjem opp.

– Eg blir minna på dette kvar gong det dukkar opp på nettet, humrar Preben Strypet.

Sunday league football er amatørfotball i Storbritannia. Omgrepet «Sunday league tackle» blir gjerne brukt om ei takling som er i overkant tøff. Eller direkte brutal, i nokre tilfelle.

Fotografen: – Høyrde berre eit brøl frå sida

– Eg var ikkje nær motspelaren, eg prøvde berre å blokkera ballen, seier Strypet.

Ei velkjend frase når den taklande parten skal beskriva ei takling.

– Eg var reporter på kamp. Det var like før slutt og eg går mot innbytarbenken til Årdal for å få nokre reaksjonar rett etter kampslutt. Plutseleg høyrer eg eit brøl frå sida. Eg snur meg rundt og ser Preben allereie i lufta, og får så vidt knipsa eit bilde.

Morten Sortland i Sogn Avis kunne truleg slutta å jobba og berre levd av pengane frå dette bildet, dersom alle som brukte det hadde betalt for bruken.

– Fototeknisk er det ikkje perfekt, men det fangar eit rått augeblikk. Eg er litt stolt av bildet, og eg tykkjer det er stas at så mange ser det over heile verda. Det artigaste er den humoren folk har når dei kommenterer det. Det er så mykje god underhaldning i dei kommentarane at eg kan le meg i hel, seier Sortland.

Sidan 2011 har det jamleg blitt delt av kontoar på sosiale medium med mange millionar følgjarar.

Preben Strypet

Preben Strypet, her slik han såg ut i 2011.

Foto: Årdal FK

Trefte han ballen?

Så då er det store spørsmålet: Tok han ball eller mann?

– Det er kanskje mange som blir litt skuffa no, men det er ei blokkering, ikkje ei grisetakling, humrar Strypet.

– Noko eg for så vidt lukkast med, for han trefte meg rett i rumpa.

Det kan fotograf Sortland stadfesta.

– Det hadde vore veldig moro om det var ei takling, men sanninga er at det var ei blokk, seier Sortland, og legg til:

– Preben Strypet er blitt symbolet på ein Sunday league-spelar. Det er artig.