Hopp til innhold

Pr-ekspert: Sophie Elise-stuntet er god butikk

Pr-ekspert meiner Sophie Elise-stuntet på Lustrabadet er god butikk sjølv om det vart bråk. Nye tal viser at influensarane tar ein større jafs av reklamebudsjetta.

Sophie Elise på Lustrabadet

AUKE: Det er blitt meir populært å bruke influensarar i marknadsføring, sjølv om det vart bråk i Luster denne veka.

Foto: Skjermbilde: @sophieelise / Instagram

Denne veka opna Lustrabadet i Sogn opp døra for Sophie Elise og venninnene Nora Haukland og Maria.

Bilete vart delt med Sophie Elise sine 577.000 følgarar på Instagram, men fekk blanda mottaking.

– Det vart ikkje den reklamen som vi såg for oss før besøket, seier dagleg leiar for Lustrabadet Kent Monsen.

Les også Opprørt bygd etter at Sophie Elise tok seg til rette i symjehallen deira

Sophie Elise på Lustrabadet

Professor ved NHH, Helge Thorbjørnsen, meiner likevel at Lustrabadet kan ha kome godt ut av «stuntet»:

– Sjølv om det ikkje var ein spesielt klok avgjerd, kan Lustrabadet likevel ha «tent» på dette reint marknadsmessig, seier han.

Han viser til at både NRK, VG og TV 2 har omtalt saka, og at det no er «vesentleg fleire i Noreg som veit om Lustrabadet».

– Eg tviler på om lokal boikott i Sogn vil overskyggje denne effekten, seier han.

Bruken av influensar-reklame auka med 90 prosent

I etterkant av bråket har Lustrabadet gått ut med at det ikkje var betaling for oppdraget eller krav om å publisere noko.

Hendinga vert likevel tolka innanfor ramma av ein stadig veksande sektor: influensar-marknadsføring (IM).

Altså at ein bedrift eller anna verksemd gjev pengar eller produkt i byte mot at influensaren eller påverkaren publiserer innhald i deira personlege kanalar.

Nye tal frå Mediebyråforeningen viser at den norske bruken av influensar-marknadsføring (IM) auka med 90 prosent samanlikna med tal frå første kvartal i 2021.

Allereie den gongen viste Mediebarometeret at influensar-marknadsføring var reklamesektoren med størst vekst: 140,2 prosent.

Lustrabadet beklagar.

– Det vart ikkje den reklamen som vi såg for oss før besøket, seier dagleg leiar for Lustrabadet Kent Monsen.

Foto: Skjermbilde: @lustrabadet / Instagram

Store mørketal

Men det er store mørketal, seier Kristin Brimi i Mediebyråforeningen:

– Det er verd å merke seg at dette er omsetnad som går via mediebyrå og at noko IM-reklame og blir kjøpt direkte. Direktekjøp frå annonsørar blir fanga ikkje opp i denne rapporteringa, seier ho.

Om vi utvidar perspektivet, viser tala at bruken av påverkarar vaks med 42 prosent i 2021.

Innan utgangen av 2022 er det anslått om omsetninga på verdsbasis passerer 15 milliardar dollar. Også her er mørketale store.

Kristin Brimi Mediebyråforeningen

Nye tal frå Mediebyråforeningen viser at den norske bruken av influensar-marknadsføring (IM) auka med 90 prosent samanlikna med tal frå første kvartal i 2021. – Men det er store mørketal, seier Kristin Brimi i Mediebyråforeningen.

Foto: Mediebyråforeningen

Banker og turistnæringa bruker påverkarar

Ein ringerunde viser at influensarane har vorte ein del av reklamebudsjetta i mange ulike bransjar dei siste åra.

– Vi samarbeider jamleg med influensarar som besøkjer Bergen, seier reiselivsdirektør i Visit Bergen, Anders Nyland.

Han presiserer at dei er «svært selektive i forhold til kven vi samarbeider med», og at påverkaren sjølv må ønskje å kome på besøk:

– Vi «hentar» ikkje influensarar til Bergensregionen, vi samarbeider med dei som uansett skal hit, og som vi følar vil gje oss rett effekt hos ein relevant målgruppe.

Johanne V. Sandnes. SSF

– Når vi leiger inn til ulike oppdrag, har vi eit ekstremt medvite forhold til kva dei skal gjere for oss, seier kommunikasjonsdirektør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Johanne Viken Sandnes.

Foto: Vidar Helle/SSF

Kommunikasjonsdirektør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Johanne Viken Sandnes, seier dei har brukt influensarar og TV-profilar på ulike arrangement.

– Dette har vore gode samarbeid, og vi ser ikkje vekk frå å gjere det igjen. Når vi leiger inn til ulike oppdrag, har vi eit ekstremt medvite forhold til kva dei skal gjere for oss; kvifor dei skal gjere det; og kven vi bookar inn. Hittil har vi positive erfaringar knytt til dette, seier ho.

Even Fusdahl Hulleberg er marknadssjef i Norway's best, som arrangerer turar i Flåm og verdsarvfjordane.

Han fortel at dei bruker influensar-marknadsføring som «eit godt supplement til den digitale mediemiksen» og at dei slik «når ut til konkrete målgrupper som vi kanskje ikkje når gjennom andre, meir tradisjonelle kanalar.»

– Den påverknadskrafta som influensarar har er viktig her.

Sophie Elise Isachsen har ein podkast i NRK radio.