Posta oppfordring om å ta knivoffer

Dei to som står tiltalt for drapsforsøk mot ein mann i 20-åra i Bergen i fjor, skal under rettssaka måndag ha lagt ut ei melding på Instagram med oppfordring om å ta knivofferet. Aktor Rudolf Christoffersen las opp meldinga i retten tysdag og bad om at retten lukka dører for tilhøyrarar. Aktor meiner meldinga kan påverke og skremme sentrale vitne som skal forklare seg i retten.