Hopp til innhold

Populære opplevingsferiar

Turistane er leie av å sjå på naturen. No vil dei bruke han aktivt gjennom å mellom anna hoppe i strikk, gå på bre og rafte.

Jølster Rafting
Foto: Erik K. Steinset

Opplevingsturismen aukar, og det merkar dei godt på Jølster Rafting AS. For to år sidan kåra VG elva deira til den beste raftingelva i landet.

I fjor hadde dei rekordauke i talet på besøkande, og i år kjem dei til å toppe besøksrekorden med 15 prosent. Omlag 2000 raftinggjestar vil ha vore innom i løpet av sesongen frå april til oktober.

Erik Steinset

Erik Steinset

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

- Er for alle

Og med så mange besøkande synst dagleg leiar, Erik Steinset, det er vanskeleg å seie noko generelt om kva som kjenneteiknar ein typisk raftinggjest.

- Eg har ingen typisk raftinggjest. Vi har alt frå familiar til folk godt oppi pensjonistalder, seier han.

Høyr Bli med på rafing i Jølstra

Internasjonal trend

Og det er ikkje berre ved Jølster Rafting fleire og fleire søker adrenalinkick. I resten av landet og i verda er tendensane dei same.

- Folk ynskjer i aukande grad opplevingsferiar, fortel forskar May Kristin Vespestad. Ho tek doktorgraden innanfor naturbasert aktivitetsferie ved Høgskulen i Harstad.

- Folk ønskjer ikkje lenger berre å sjå naturen. Dei ønskjer å gjere noko aktivt for å oppleve han. Noko som gjev dei meir enn berre det å sjå, seier ho.

Vespestad visar til The international ecotourism society, som skriv at naturbasert turisme i verda veks med 10-14 prosent per år. Ho trur det er fleire årsaker til dette.

Koplar av

- Folk gjer uttrykk for at dei koplar av når dei gjer noko aktivt. Det kan vere ein måte å bruke seg sjølv på ein annan måte enn dei gjer til vanleg, seier ho.

- Ser ein på samfunnet elles, ser ein eit stadig meir fokus på det at ein skal oppnå noko. Du ser ikkje den same statusen i å seie at ein har vore på ein sol- og badeferie.