Det skriv Dagbladet, som i dag offentleggjorde ei liste på 52 utsal som kan bli granska for brot på dei etiske retningslinjene til Vinmonopolet.
Ingen av dei no 14 suspenderte tilsette i Vinmonopolet som har vert anklaga for smøring høyrer til utsala i sogn og fjordane. Men under arbeidet med saka har advokat Erling Grimstad fått yttlegare tips om at tilsette i Vinmonopolet kan ha gjort seg skuldig i brot på dei etiske retningslinjene.
Tipsa har resultert i at 52 polutsal har hamna på lista over utsal som kan verte granska. Av desse finn vi fire i Sogn og Fjordane. Nordfjordeid, Måløy, Stryn og Sogndal. Dei tilsette på utsala vil ikkje seie noko om anklagen, men kan no verte granska for å ha tatt imot gåver, middager eller vin til forskjellige arrangementer frå Vinmonopolets leverandørar.
Frå Vinmonopolets styre har advokat Erling Grimstad fått fullmakter til å gå vidare med granskinga. Det som er avgjerande for om dei tilsette har brote reglane, er om leverandørane ha fått noko igjen for smøringa.