Hopp til innhold
Kinn

Politisk maktkamp i Kinn

Oppsummert

Arbeidarpartiet, Høgre og Venstre i Kinn kommune er samde om ei ny politisk plattform. Godtgjersla til varaordførar Sidsel Kongsvik (Sp) blir kutta med om lag 580.000 kroner i året.

  • Meir pengar til politikarar i Kinn

    Kinn kommunestyre vedtok i dag å sette opp godtgjerslene til fire utvalsleiarar frå H, V og Ap til 900.000 kroner. Jacob Nødseth (V) får 400.000 for å vere leiar for utval for plan, miljø og næring. Saka om å kutte varaordførarløna med 580.000 kroner til 50 000 er utsett sidan varaordførar Sidsel Kongsvik (Sp) er sjukmeldt.

    Varaordførar i Kinn Sidsel Kongsvik (Sp)
    Foto: Arne Stubhaug / NRK
  • – Overraska over parkeringa

    – Eg er i utgangspunktet positiv til konstellasjonen som forhåpentleg vert meir styringsdyktig enn den førre. Samtidig er eg overraska over parkeringa av varaordføraren og stiller spørsmål til kva dei nye posisjonane til utvalsleiarane kostar, seier Gustav Johan Nydal, som før valet i 2019 var ordførarkandidat for KrF i Kinn.

  • – Dette kler dykk ikkje

    – Greitt nok at det vert eit anna politisk fleirtal, men det endrar ikkje det faktum at Sidsel Kongsvik er varaordførar ut perioden. Ta dykk ein runde til, Ola Teigen og Jakob Nødset. Dette kler dykk ikkje, skriv fylkesgruppeleiar for Senterpartiet, Aleksander Øren Heen på Facebook.

  • – Lovleg, men ikkje rett

    – Ein skal vere forsiktig med å legge seg opp i korleis ein driv lokalpolitisk arbeid i andre kommunar, men det som skjer i Kinn no er det ikkje råd til å la vere, skriv Gloppen-ordførar Leidulf Gloppestad (Sp) på Facebook.

    – Sjølv om vedtaket og avgjerda vil vere lovleg, er det ikkje dermed sagt det er rett. Fleirtal skiftar og med det følgjer det moglegheiter og ansvar. Og det er i alle fall ikkje tillitvekkande for lokaldemokratiet, lokalpolitikken, og folk si evne til å behandle folk med respekt det som er i ferd med å skje her.