Hopp til innhold

Fryktar fleire unge brukarar og bakmenn som går fri med nytt narkotikaforslag

Politisjef, og styreleiar i rusorganisasjonen Actis, Arne Johannesen, fryktar følgjene dersom politiet ikkje lenger får bruke tvang for å følgje opp rusmisbrukarar.

Arne Johannessen

USAMDE: Politisjef Arne Johannessen i Sogn og Fjordane trur ikkje at ein avkriminalisering av narkotikabruk vil føre til auka kriminalitet. – Me må vareta tunge brukarar, seier han.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Helsehjelp og oppfølging er viktig, men framlegget er alt for svakt på det førebyggande. Det aller viktigaste er å hindre nyrekruttering, seier Arne Johannesen og presiserer at han uttalar seg som styreleiar i Actis.

– Pliktig oppmøte

Regjeringa ynskjer ein annan reaksjon mot personar som blir tekne for bruk og oppbevaring av narkotika frå straff til hjelp, behandling og oppfølging.

Og i desember i fjor la rusutvalet fram eit forslag om å gå vekk frå enkelte brot på narkotikalova, som å melde og straffeforfølgje personar som blir tekne med brukardosar.

Dei ynskjer at folk som blir tekne for eige bruk, berre frivillig skal oppsøke hjelp.

Johannesen støttar framlegget om hjelp framfor straff som verkemiddel for å få misbrukarar til å slutte med narkotika.

Han seier til Firda at han tykkjer reforma er god for tunge brukar, men sviktar dei unge.

Johannessen meiner framlegget ikkje gjer nok for å hindre nye rusmisbrukarar. Narkotika må framleis vere ulovleg.

– Ein må ha reaksjonar og sanksjonar. Oppmøte må vere pliktig, seier han til NRK.

Vil avkriminalisere

Stian Ommedal

PLIKTIG: Elevrådsleiar Stian Ommedal er samd i at politiet bør få lov til å bruke tvang for å gi unge god oppfølging om dei blir tekne med narkotika.

Foto: Seline Larsen / NRK

– Hjelpa skal ikkje vere frivillig. Det må vere eit ris bak spegelen, held han fram.

Johannesen nemner narkotikakontraktar, pliktig oppmøte hos ruskonsulent eller helsesøster, pliktige urinprøvar eller gebyr som døme.

Ved Flora vidaregåande skule har elevane fått med seg debatten. Fleire elevar meiner at narkotikabruk bør vere greitt så lenge det berre går utover brukaren. Enkelte trur også at avkriminalisering senkar terskelen for å be om hjelp.

Elevrådssekretær Sofie Opheim Arnes ved Flora vgs.

TVANG: Elevrådssekretær Sofie Opheim Arnes meiner unge som blir tekne for første gang med narkotika bør få oppfølging med tvang. – Då bør det vere oppfølging og samtale med helsevesenet. Gjer ein det igjen, så får ein det på rullebladet, meiner ho.

Foto: Seline Larsen / NRK

Blant elevane er det ulike meiningar om oppfølginga skal vere heilt frivillig eller ikkje.

– Oppmøtet må vere pliktig. Om ikkje er det lett å droppe heile greia, seier elevrådsleiar Stian Ommedal.

– Folk må få velje sjølve. Ynskjer dei hjelp til å slutte, så skal det vere moglegheit for det. Ynskjer dei å halde fram, så kan dei få velje det, seier Milli Fjæreide Cetin.

Må tenke annleis

Marthe Teigen Refsnes meiner tvang på eit tidspunkt må kunne nyttast på eit tidspunkt.

Milli Fjæreide Cetin og Marthe Teigen Refsnes

USAMDE: Milli Fjæreide Cetin og Marthe Teigen Refsnes er samde i at hjelp og oppfølging er ei betre oppfølging av unge rusmisbrukarar, framfor straff.

– Seier ein nei til hjelp, så må det vere greitt til han eller ho gjer ting mot andre, som ikkje er greitt. Eller at det byrjar å bli alvorleg for eiga helse, meiner ho.

Framlegget har utløyst ein debatt rundt behovet for ei ny reform og kva linje ein bør legge seg på. Riksadvokat Jørn Sigurd Maurud går langt i å støtte utvalet.

Politidirektør Benedicte Bjørnland er derimot uroleg.

– Avkriminalisering av narkotika kan gjere Noreg til eit enda meir attraktivt marknad for organiserte kriminelle, skreiv ho i ein kronikk.

Denne uroa deler Johannessen.

– Vi må framleis ha verktøy som politi for å avdekke narkotikabruk. Ikkje minst for å ta dei som sel narkotika. Der er reforma litt vag. Det er kanskje den største uroa, seier han.