Hopp til innhold

Politisjef: – Me må endre måten me driv beredskapsarbeid på

Uvêr som tek knekken på mobilenettet i fleire dagar og stengjer mange vegar samstundes. Når dette vert framtida må naudetatane tenkje annleis når dei skal redde folk og eigedom.

Leiar for politiet i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen.

YNSKJER ENDRING: Politisjef i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen, meiner beredskapen må vere betre budd på å takle ekstreme vêrforhold i framtida.

Foto: Truls Kleiven / Truls Kleiven

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Ekstremvêret førar til at me må tenke på heilt andre måtar, seier politisjef for Sogn og Fjordane Arne Johannessen.

Det er berre gått litt over ein månad sidan ekstremvêret i Jølster, Gloppen og Førde som førte til fleire ras som sperra riks- og europavegar og isolerte heile bygdesamfunn. På sørsida av Jølstravatnet omkom ein mann då bilen hans blei tatt av ras.

– Må tenkje nytt

Tysdag var alle naudetatane samla i Jølster for å evaluere innsatsen under uvêret sine herjingar. Berre nokre dagar etter hendingane kunne NRK avsløre at berre to politimenn var til stades i Jølster då uvêret råka som verst.

Politisjef Arne Johannessen meiner utfordringane dei møtte på undervegs, er noko å ta lærdom av.

– Eg tenkjer at det viktigaste som har komme ut av dagen er at me må planleggje betre korleis me skal jobbe under slike forhold.

Politisjefen meiner det må ein heilt anna type førebuing til for beredskap i framtida, med tydelege rammar for korleis ein skal respondere meir effektivt, skulle noko gå gale.

– I framtida må me fornye beredskapen. Når me planlegg å jobbe så tek me stort sett ikkje utgangspunkt i at vegane er stengde og at internettet er nede. Dette må me endre på for noko slikt kan fort skje igjen, seier han.

Kommunikasjonen forsvann

Også brannsjef i Jølster, Tor Arild Segnan, konkluderar med at beredskapsnivået ikkje var godt nok, då ekstremvêret kom.

– Vi må vere så ærlege og seie at vi ikkje var godt nok førebudde, seier han.

I den vesle kommunen trådde alt av brannfolk og frivillige til for å hjelpe dei råka. Telefonar og internett braut saman, og det var nær umogleg å kommunisere med omverda.

– Det som redda oss var at andre deler av vår organisering som slo til veldig godt og gjorde at dei svakheitene vi hadde i planverket ikkje blei utslagsgjevande. Dei frivillige var med på å ta ein stor del av børa og i stor grad med på å gjere utfallet så bra som det var mogleg å få det, seier Segtnan.

– Må vurdere kvar det kan byggast

Anita Verpe Dyrrdal

FORSKAR: Anita Verpe Dyrrdal meiner at samfunnet må førebu seg på meir ekstrem nedbør i åra framover.

Foto: met.no

Forskarar og ekspertar på vêr er overtydde om at den typen farleg ekstremvêr blir meir vanleg i framtida, ikkje minst om sommaren. Forskar ved Meteorologisk institutt, Anita Verpe Dyrrdal, er tydeleg på at heile samfunnet må bu seg på dette.

– I Noreg er det særleg nedbøren som vil gje større skadar i framtida. Då er det opp til samfunnet å klimatilpasse seg. Veg og jernbane må byggast og dimensjonerast til å tole den nedbøren vi får.

I Jølster blir det kalla rein flaks at ikkje bustadhus blei tatt då ras gjekk tvers igjennom bustadfelt på Vassenden. Over heile landet er det bygd hus oppetter lier og fjellsider, stadar der forfedrane våre ikkje våga å bygge. Det som skjedde på Jølster bør vere eit varsku, meiner Dyrrdal.

– Det må vurderast kvar det er trygt å bygge og kva vi må gjere med eksisterande busetnad. Vi må førebu oss på fleire episodar med kraftig styrtregn i framtida, og på at nedbøren i slike episodar vil auke, meiner forskaren og leiaren for Norsk Klimaservicesenter.

– Kommunane sitt ansvar

På Jølster har brannsjef Tor Arild Segtnan evaluert sin eigen og brannmannskapa sin innsats. Han melder om store utfordringar knytt til ressursar, mange hendingar på ein gang og eit planverk dei ikkje klarte å gjennomføre heilt ut. Blant anna fordi teknikken svikta og vegane var stengde.

– Det går veldig mykje på å ha ein lokal beredskap og ha beredskapen tilgjengeleg i tettstadane. Han må vere rigga slik at dei klarer å handtere det som skjer som sjølvstendige einingar utan hjelp frå omverda, seier Segtnan.

Både han og forskaren er tydelege på at det er og vil vere kommunane sitt ansvar å førebu seg på meir ekstremvêr i framtida.

– Eg meiner at det å sikre ein kompetanse gjennom utstyr, tal personar, øvingar og lokal leiing er heilt avgjerande for å kunne sikre beredskapen også i små tettstadar. I mine auge har vi ikkje noko anna val enn å ta oss råd til det. Kommunane er til for sine innbyggjarar, uansett kvar dei bur, meiner brannsjefen.

Årsetelva fløymde over etter ras på Vassenden. 
Raymond Lillemo springe for livet for å sleppe unna elva som øydela nabolaget hans tysdag ettermiddag.

Årsetelva fløymde over etter ras på Vassenden. Raymond Lillemo springe for livet for å sleppe unna elva som øydela nabolaget hans tysdag ettermiddag.