Hopp til innhold

Politisjef vil legge ned fleire lensmannskontor

I Sogn og Fjordane vil politisjefen legge ned fleire lensmannskontor for å møte krava til kompetanse. – Ikkje rett veg å gå, meiner Politiets Fellesforbund.

Leiar for politiet i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen.

SLÅ SAMAN: Politisjef Arne Johannessen vil samle lensmannskontora i Årdal, Aurland og Lærdal til eitt.

Foto: Truls Kleiven / Truls Kleiven

– Vi kan ikkje dokumentere at å leggje ned lensmannskontor gjev eit betre politi. Difor er vi skeptiske og negative til det.

Det seier Sigve Bogstad, leiar i Politiets Fellesforbund. No vil forgjengaren hans i forbundet, Arne Johannessen, som i dag er politisjef i Sogn og Fjordane, legge ned lensmannskontor som nyleg var freda i Indre Sogn.

– Ikkje framtidsretta

Lensmannskontora i både Aurland og Årdal var på hoggestabben til politiet tilbake i 2017, men blei redda. No vil politisjefen på ny legge dei for hogg og samle dei to kontora saman med lennsmannskontoret i Lærdal.

Det var Sogn Avis som først omtalte saka.

– Eg er heilt tydeleg på at eitt lensmannskontor er mykje meir framtidsretta i høve til dei kvalitetskrava i politiet, som til dømes responstid, enn å ha tre kontor der to av dei er svært små, seier Johannessen.

Økonomi og større krav til kompetanse gjer at politisjefen vil slå saman kontora, men han trur også at innbyggarane vil tene på det i form av synleg politi.

– Ein må løfte blikket og sjå korleis ting endrar seg – som kriminaliteten og kvalitetskrava. Vi har ein struktur som ikkje er framtidsretta. Ved å ha mindre folk på administrasjon og leiing, kan ein få fleire timar med operativ teneste, meiner politisjefen.

Sigve Bolstad i Politiets fellesforbund

FEIL VEG: – Viss ein berre skal ha store fagmiljø, så ender politiet opp i Oslo, Bergen, Trondheim og kanskje Tromsø. Det vil i tilfelle vere heilt feil, seier Sigve Bolstad, leiar i Politiets Fellesforbund.

Foto: Martin H. W. Zondag / NRK

Men å leggje ned lensmannskontor er slett ikkje vegen å gå, meiner Politiets Fellesforbund.

– Heile intensjonen i nærpolitireforma er at politiet skal vere meir synleg og til stades. Det skjer ikkje ved å leggje ned lensmannskontor. Då kjem ein lengre unna, seier forbundsleiar Sigve Bolstad.

Fredar andre kontor

I Årdal rustar politikarane og ordførar Arild Ingar Lægreid seg til det han kallar for omkamp.

– Eg oppfattar dette som ein omkamp. Eg er sterkt kritisk til at dette blir teke opp att etter ein lang prosess for kort tid sidan. Dette synest eg ingenting om, seier Lægreid.

Samstundes fredar politisjefen andre kontor i fylket.

– Vi har i stor grad fått ein struktur som er tilpassa geografien vår, så per no er det desse kontora som er aktuelle, seier han.

– Ikkje nærmare

Bolstad i politiets fellesforbund meiner større lensmannskontor nødvendigvis ikkje er betre. Etter at over 120 lensmannskontor er lagde ned i Noreg, meiner han dei ikkje har sett eit meir nært politi.

– Det finst ikkje fakta for at nedlegginga av lensmannskontor har ført til eit nærmare politi.

Arild Ingar Lægreid

KRITISK: Årdal-ordførar Arild Ingar Lægreid synest ikkje noko om Arne Johannessen sitt ønske.

Foto: Sondre Dalaker / NRK