Hopp til innhold

Politinatta: Truga med å «skyte» og «drepe» politiet

Ordensforstyrringar og festbråk har kome tilbake til normalen att etter koronautbrotet, seier Vest politidistrikt.

Politi

TRAVELT: Natt til sundag måtte politiet sette tre menn i arrest etter bråk og aggressiv åtferd.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Natt til sundag har vore prega av ordensbråk i Vest politidistrikt. Tre personar vart sett i arresten, papegøye stakk av og eit turfølgje vart redda ned frå ein fjelltopp i Eidfjord.

– Det har vore ei travel natt med mykje å gjere. Mengda ordensmessig bråk har normalisert seg etter alt blei stengd grunna koronaviruset, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen.

Turfølgje henta ned

Hatlestrand, Kvinnherad klokka 22:13: Ei papegøye hadde stukke av og dukka opp på ei hytte ved Ølve i Hatlestrand. Den nekta å dra vidare. Politiet tok til Twitter for å be om tips om eigaren av den bortkomne papegøyen. Kvarteret etter var eigaren funnen.

Lyderhorntunnelen, Bergen 22:32: Politiet fekk tips frå ein m eldar om eit køyretøy som vingla i Lyderhorntunnelen. Bilen hadde nær køyrt på to andre bilar. Ein politipatrulje rykka ut og føraren, ein mann i 40-åra, vedgjekk at han hadde drukke alkohol. Mannen blei teke med til blodprøvetaking og blei meldt for promillekøyring.

Eidfjord, 23:30: Eit turfølgje på fem personar fekk problem på veg ned frå ein fjelltopp ved Kvamsdalen i Øvre Eidfjord. Røde Kors sende redningsmannskap inn i området for å guide følgjet ned att. Klokka 6:41 sundag var dei henta.

– Dei er uskadde, men ein person blei tilsett av ambulanse grunna utmatting, seier Dahl-Michelsen.

Tre i arrest – kasta sparkesyklar

Frå klokka 00:55 rykka politiet i Bergen ut til tre meldingar om menn som var rusa og aggressive.

I Kong Oskars gate rykka politiet ut til ein rusa og aggressiv mann i 30-åra som velta bosspann og kasta sparkesyklar kring seg. Han klarte ikkje å oppføre seg og blei sett i arrest.

På Fotballpuben fekk ein mann pålegg om å forlate staden etter å ha laga bråk. Han nekta, og ropte og kjefta i ansiktet på politibetjentane. Han blei også sett i arrest.

Ved ein restaurant på Torgallmenningen truga ein rusa aggressiv mann i 40-åra med å skyte og drepe politiet. Han blei lagt i handjern og teke med til arresten.

Høg musikk

I Sogn og Fjordane fekk politiet melding om festbråk og høg musikk.

Over midnatt fekk politiet melding om ungdommar som spelte høg musikk i Selje. Politiet hadde ikkje kapasitet til å rykka ut.

Klokka 02:50 melde lastebilsjåførar om ungdommar som bråka ved ein rasteplass på Svidalsneset i Sunnfjord.

– Då politiet kom fram ein halvtime etter, var det ro og fred på staden, seier Dahl-Michelsen.