Denne poseringa kan koste kvinnene dyrt

Toget var berre «to-tre minutt» unna då vektaren henta to kvinner opp frå togsporet i Bergen. – Ikkje kult, men livsfarleg, seier Bane Nor.

Video: Bane Nor

Det var 26. august i år at ein vektar på jernbanestasjonen i Bergen fekk auge på to kvinner som hadde tatt seg ned frå perrongen til togskjenene.

Ei tredje kvinne stod på plattforma og tok tilsynelatande bilete og video av venninnene på togsporet.

– Vi er veldig uroa for at nokon utset seg for fare ved å dele spektakulære bilete og «kule» videoar frå togspora våre. Dette er ikkje kult, men veldig farleg, seier kommunikasjonsleiar Ingunn Halvorsen i Bane Nor.

Tog var på veg

På overvakingsbildene øvst i saka, kan du sjå at to av kvinnene hoppar ned i sporet. Medan dei poserer i skinnegangen, kjem etter kvart ein vektar springande.

Han har oppdaga kva som går føre seg og veit også at det no er kort tid til det kjem eit tog frå Myrdal inn på stasjonen.

I rapporten frå vektaren kjem det fram at det hasta med å få dei opp igjen.

«Dette er rett før planlagt framkomst av tog i spor 2. Vekter får de opp av sporet så fort som mogleg. Vekter, en konduktør og en lokførar forklarer de alvorligheten av dette og hvor farleg det er å ferdes i sporet», heiter det i rapporten vektarselskapet har levert til Bane Nor.

Bergen stasjon, jernbanestasjonen i Bergen

PÅ STASJONEN: Det var ved plattformene på jernbanestasjonen i Bergen at dei unge kvinnene hoppa ned på sporet. Ein vektar oppdaga dei kort tid før eit tog kom inn på same spor.

Foto: Marit Stensby / NRK

– Farleg

Der er hendinga loggført klokka 13.52. Alle dei tre kvinnene er over 18 år.

– Då vektaren oppdaga dei var det berre to-tre minutt til toget frå Myrdal var venta inn til stasjonen. Han såg ikkje toget, men det kom inn like etterpå, seier Halvorsen i Bane Nor.

– Men når toget kjem inn på stasjonen i Bergen, så er jo farten ganske låg. Var dette farleg?

– Jo, det er farleg. Det er ikkje sikkert dei hadde blir påkøyrd, men det er også straumførande deler i togsporet. Det er også ubehageleg for lokførar og andre å sjå personar i sporet like før toget kjem, svarar Halvorsen.

– Dette er ikkje kult, men veldig farleg, seier kommunikasjonsleiar Ingunn Halvorsen i Bane Nor. Dei har meldt kvinnene til politiet.

SJÅ VIDEO: Sidan 2017 har Bane Nor politimeld over 40 slike tilfelle som dette. Vanlegvis blir ferdsel på togspor bøtelagd med nokre tusen kroner.

2000 tilfeller i året

Bane Nor har no meld hendinga til politiet og meiner dei tre kvinnene har brote jernbanelova paragraf 9, om å vera på eit område som er stengt for publikum.

Politiet har enno ikkje kome i gang med etterforsking, men bekreftar at det er oppretta straffesak.

Det kan bli dyre bilete frå skinnegangen. Truleg kan dei unge kvinnene vente seg bøter på nokre tusen kroner kvar.

Dette er likevel langt frå uvanleg oppførsel. Frå april 2017 og fram til i dag har Bane Nor politimeld 45 slike tilfelle i Noreg. Fire av dei har skjedd på Bergen stasjon.

Årleg blir det rapportert det om over 2000 tilfelle av farleg eller ulovleg ferdsel på jernbanespor i Noreg.

– Det er folk som skundar seg for å rekke toget og tek ein snarveg, og det er rusa personar som ikkje er i stand til å ta vare på seg sjølv. Det er uansett viktig for oss å få fram at dette er livsfarleg og difor går vi nokre gonger til anmeldelse slik som i denne saka, seier Halvorsen.

Bergen stasjon, jernbanestasjonen i Bergen, tog til Voss

FARLEG: – Det er farleg. Det er ikkje sikkert dei hadde blir påkøyrd, men det er også straumførande deler i togsporet, seier kommunikasjonsleiar Ingunn Halvorsen i Bane Nor.

Foto: Marit Stensby / NRK