Hopp til innhold

Her er politimeisteren sine råd for påska

Påska er ei av dei store utfartshelgane og politimeisteren i Sogn og Fjordane ønskjer å kome med nokre gode og velmeinte råd til dykk.

Johan Brekke
Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

– Ver varsame. Vi har ikkje nokon å mista, seier politimeister Johan Brekke i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Han ønskjer å gje innbyggjarane i Sogn og Fjordane råd før påskeferien slår til for alvor.

– Ikkje skriv at du er vekke

– I dag er det mange som er inne på ymse sosiale medium på internett som til dømes Facebook og Twitter. Eit godt råd her er å ikkje skrive noko om at ein skal reise bort på ferie og kor lenge ein blir borte, seier politimeister Johan Brekke.

– Det er dessverre enkelte som ikkje tek påskeferie og som har uærlege hensikter. Få naboar som er heime til å følgje med på aktivitet rundt bustaden og å ta inn posten din.

Trafikk

For dei som ferdast i trafikken gir politimeisteren følgjande råd:

– Køyr varsamt og vis omsyn i trafikken. Hald deg i køen og hald god avstand til bilen framfor. Ikkje bryt ut av køen du har ingen ting å vinna på det. Ta gode og naudsynte pausar når du føler for det. Hugs at både du og dei andre trafikantane har ei dyrebar last.

Tur i fjellet

Til dei av dykk som skal opp i fjellet vil han seie:

– Vis respekt for fjellet og naturkreftene. Vêret i fjellet skiftar utruleg fort. Det er då viktig å væra budd på dette og kunne takla den situasjonen som då oppstår.

Han oppfordrar også alle om å lære seg fjellvettreglane:

  • Legg ikkje ut på langtur utan trening
  • Meld frå kvar du går
  • Vis respekt for været og værmeldinga
  • Lytt til erfarne fjellfolk
  • Ver rusta mot uvær og kulde sjølv på korte turar. Ta alltid med ryggsekk og utstyr som fjellet krev.
  • Bruk kart og kompass.
  • Gå ikkje åleine.
  • Snu i tide. Det er ingen skam å snu.
  • Spar på kreftene og grav deg inn i snøen om naudsynt.

På sjøen

– Ein del nyttar påska til vårpuss og den første turen med båten på sjøen. Dette er trivelig etter ein lang og kald vinter.

– Men og sjøen kan være lunefull og vêret kan skifte fort. Det er difor viktig at vi og her syner respekt for naturkreftene. Følg sjøvettreglane; det er ein god start.

– Tenk på at det kan skje ei ulykke, og tenk gjennom korleis du då bør te deg. Hald roen, bli ved båten og tilkall hjelp.