Hopp til innhold

Politimeisteren fryktar nye kutt

Politimeister i Sogn og Fjordane, Johan Brekke, kan ikkje sjå at etaten får styrka budsjettet sitt til neste år.

Johan Brekke

Politimeister Johan Brekke har leita med lys og lykter etter lyspunkt i statsbudsjettet, men har førebels funne lite. - Eg kan ikkje lese ut frå statsbudsjettet at vi har fått pengar, resignerer han.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

- Eg kan ikkje lese ut frå statsbudsjettet at vi har fått pengar. Men vi veit ikkje endeleg før ut på nyåret, seier han.

Må nedprioritere

Politimeisteren har på oppdrag frå NRK sett gjennom statsbudsjettet. Men konklusjonen er klar. Det er førebels lite som tyder på at politiet får meir pengar å rutte med til neste år. Han fryktar konsekvensane.

- Får vi ikkje styrka råma vår, så må vi tenkje kreativt i høve kva vi skal gjere. Kanskje kan vi ikkje tilby alt vi tilbyr i dag, kanskje må vi nedprioritere ting. Det kan bli konsekvensen, seier Brekke.

Treng styrking

Politiet har dei siste åra fått ein del kritikk for manglande, og til tider sein, respons. Noko nye vaktsamarbeid har medverka til. Brekke er klår på at politiet treng ei styrking av budsjettet til neste år.

- Spesielt i høve kostnaden opp mot nytt politibygg i Florø, seier han. Det nye politihuset i Florø vert årleg fire millionar kroner dyrare i drift å leige enn det gamle .

Knytt til tiltak

Justisminister Knut Storberge omtala innhaldet i gårsdagens statsudsjett som tidenes auke for politibudsjettet. Løftet er på 1,3 milliardar. Spesielt Bergen og Oslo vil merke løftet, men tidlegare justispolitikar Ingrid Heggø meinte at satsinga også ville gje meir politi i distriktet .

- Slik eg kan sjå det er veldig mykje knytt opp til spesielle tiltak, som konsekvensar av løyvingane i år, seier Brekke og nemner forhandlingane i politiavtalen som døme. Her fekk Sogn og Fjordane 10,5 nye stillingar.

Dramatiske grep

Han er uviss på om Sogn og Fjordane får særleg mykje meir utover det. Politidistriktet er allereie i gang med å sjå på moglege organisatoriske grep, eller endringar i høve vakt og beredskap og måten dei jobbar på.

- Får vi ikkje styrkar råma, så blir det større grep og meir dramatisk enn om vi får ei styrking, seier han.