Hopp til innhold

Politimeister svarar om varslarsak

Ein politietterforskar varsla om manglande inngrep mot grov menneskehandel og overgrep mot kvinner. Etter dette vart han tvangsflytt til ein anna avdeling. – Det er for å vareta varslar, seier politimeister Kaare Songstad.

Kaare Songstad

KRITIKK: Politimeister Kaare Songstad i Vest politidistrikt har i eit brev kome med sterk kritikk mot politimannen som varsla om manglande innsats mot grov menneskehandel.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Varselet handlar om det varslaren meiner er alvorlege forsømingar ved politihuset i Bergen.

Mellom anna skal politiet ha lagt vekk alvorlege saker om overgrep mot kvinner utsette for menneskehandel, ifølge varslaren.

Politimannen meiner også at han er utsett for ulovleg gjengjelding frå leiinga i Vest politidistrikt, skriv VG som først omtala saka.

Politimeister Songstad vil ikkje kommentera om bilete som kom fram i media torsdag er korrekt.

– Det vil vera feil å gå inn i kvar enkelt sak. Det blir vanskeleg å korrigera biletet utan å gjera det, seier Songstad til NRK.

Fjerna frå jobben

Varselet kom 9. november i fjor. Politibetjenten, som jobba ved Seksjon for bekjempelse av organisert kriminalitet, varsla om gjentekne tilfelle av det han hevda var manglande oppfølging og etterforsking av grove menneskehandelssaker.

Sakene handla mellom anna om grov vald og valdtekt av kvinner i ein sårbar situasjon.

– Sju veker etter at vi hadde levert varselet, tok politimannen permisjon og reiste til Afrika på eit humanitært oppdrag. Før han kom tilbake, fekk han beskjed frå leiinga om at han skulle flyttast frå avdelinga der han hadde jobba i fem år, seier varslarens advokat Birthe Eriksen til NRK.

Birthe Eriksen

UROA: – Vi har vurdert det som høgrisiko for gjengjelding, seier advokat Birthe Eriksen om varselet frå politimannen.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Varslaren blei flytt til eit nyoppretta saksmottak på politihuset i Bergen, der han betener publikum og tek imot politimeldingar.

– Dette er ein politimann med tung erfaring frå etterforsking av organisert kriminalitet og menneskehandel. No får han ikkje brukt kompetansen sin. Måten dette har skjedd på har vore ei enorm belasting, seier Eriksen.

Politimeister Songstad vil ikkje gå inn på om det er omstende ved varselet som gjer at mannen vart flytt.

– Eg kan ikkje gå inn på det. I samband med denne saka har vi sett det som nødvendig å flytta på varslaren.

«Problem med kvinnelege leiarar»

Medan politimannen var i permisjon, fekk advokaten og fagforeininga hans eit brev frå politimeister Kaare Songstad der det vert retta fleire alvorlege skuldingar mot han.

Mellom anna vert han skulda for å ha eit problem med kvinnelege leiarar, skriv VG.

«Det oppfattes i flere situasjoner at NN har negative utfordringer med å innrette seg etter pålegg fra kvinnelige ledere,» heiter det i brevet.

Politihuset i Bergen

SISTE I REKKA: Vest politidistrikt har fått fleire varsel mot seg dei siste åra. I november kom varselet frå ein politimann som meiner politiet har manglande innsats mot grov menneskehandel.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Songstad svarer NRK at han ikkje kan gå inn på korleis varslaren har fungert i jobben.

– Vi har sett det som nødvendig å flytta på varslaren etter å ha gjennomgått dei faktiske omstenda som ligg bak her.

Fleire varsel

Dei siste åra har det vore fleire varslingssaker mot Vest politidistrikt. Mest omtala er politibetjent Robin Schaefer sitt varsel om manglande etterforsking av drapet på Monika Sviglinskaja (8).

I 2016 varsla ein polititenestemann om manglande etterforsking av grove narkotikasaker.

– Den saka burde ført til ein prinsipiell debatt om politiet si handlingsplikt. Det ser rett og slett ikkje ut som ein lærer av tidlegare saker, meiner Eriksen.

Songstad meiner sjølv dei har lært av varslarsakene.

– Vest politidistrikt har hatt ein del slike saker dei siste åra og vi meiner sjølv at vi har blitt god på å handtera desse sakene, seier han.