Hopp til innhold

Politimann krasja etter fest: – Eg har ingenting i politiet å gjere

Politibetjent dømd til 21 dagar fengsel og 35.000 kroner i bot etter å ha krasja bilen i promillerus. No har han sagt opp jobben.

Ulykke - politimann mistenkt for promillekøyring.

PROMILLE: Politibetjenten skal hatt 0,99 i promille då han køyrde utfor med bilen i Nordfjord sommaren 2020.

Foto: POLITIET

– Om ein fyrst har gjort noko slikt, har ein ingenting i etaten å gjere etterpå, seier den no dømde politibetjenten til NRK.

Ei sommarnatt i juni 2020 køyrde han utfor vegen på Stadlandet i Nordfjord, med to kvinnelege kollegaer om bord.

Dei tre politi-tilsette var samla på ein hyttefest, ikkje langt frå staden der ulukka skjedde.

Rett før utforkøyringa såg fleire vitne at den aktuelle bilen køyrde i det dei oppfattar som høg fart gjennom bygda. Det er 30-sone og smal veg der.

– Sterkt beklageleg

No er mannen dømd for promillekøyring, samt for å ikkje ha varsla om ulukka. I tillegg til 21 dagar i fengsel og bot på 35.000 kroner, mister mannen førarretten i nesten to år.

– Det er veldig godt å bli ferdig med dette, både for meg og nær familie, seier mannen til NRK.

I dommen kjem det fram at mannen også drakk alkohol etter at han køyrde utfor vegen, sjølv om han burde ha forstått at køyringa kunne føre til politietterforsking.

– Eg viste særdeles dårleg dømmekraft.

Fredag har han skrive under og godteke dommen. 8. januar 2021 tilstod politimannen alt i eit rettsmøte.

Ein rapport frå Oslo universitetssjukehus seier at mannen hadde ein promille på minst 0,99 medan han køyrde bilen. Under rettssaka valde mannen å vere sin eigen forsvarer.

– Handlinga som er gjort er vel ikkje så veldig mykje å forsvare. Eg valde å stå for det eg har gjort. Det er sterkt beklageleg, seier han.

Arne Johannesen

GLAD: Politisjef i Sogn og Fjordane, Arne Johannesen er glad for at mannen tek konsekvensen av det han har gjort.

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRk

Ferdig i politiet

Tidlegare i dag vart det kjend at politimannen sjølv har sagt opp jobben.

Politisjef i Sogn og Fjordane, Arne Johannesen er glad for at mannen tek konsekvensane av det han har gjort.

Det er krav til plettfri vandel dersom ein skal jobbe i politiet, og Ifølgje Johannesen kan mannen difor ikkje lenger jobbe i politiet etter å ha fått ein dom på seg.

– Det er lov å gjere ein feil, men det er ingen menneskerett å vere politi, seier Johannesen.

Ingen av dei tre blei sende til sjukehus etter ulukka i fjor sommar og alle skal ha kome frå det utan fysiske skader.