Hopp til innhold

Politikarar meiner dataspel er sport, men Idrettsforbundet nøler

Sist veke vart det politisk vedteke at dataspel er for ein sport å rekne, men E-sportforbundet får enno ikkje vere med i den store idrettsfamilien.

Alexander Orrestad

GYM OG GAMING: Alexander Orrestad er på gymmen for å game. Vestland fylkeskommune vil jamstille gaming med idrett i nytt vedtak.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Vi samarbeider. Dette er eit skikkeleg samarbeidsspel, seier Alexander Orrestad.

Tiendeklassingen speler eit lagbasert skytespel med andre idrettsutøvarar.

Arenaen er gamingseksjonen på Idrettsenteret i Sogndal. Her samlast ungdom under mottoet: «Tren for å bli betre til å spele».

Målet er å få ungdomane ut av gute- og jenteromma, og å stimulere dei til å bli betre gamerar. Ved hjelp av fysisk aktivitet og sosiale møteplassar.

Alexander Orrestad

UTØVAR: Gamer og «idrettsutøvar» Alexander Orrestad besøker Idrettsenteret i Sogndal for å gjere det han liker aller best. – No kjem eg til å vere her i staden for heime, seier han.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Eg kjem til å ta med vener hit, i staden for å sitte heime og sveitte der, seier Orrestad.

Dagleg Leiar på Idrettsenteret Kolbjørn Rydvangen, har sett ei endring blant foreldre når det gjeld synet på gaming.

– Når ni av ti ungdommar er interesserte i dette, då må vi ta det på alvor, seier han.

Nicholas Korsgård

STATUSHEVING: Gamer og Frp-politikar Frank Willy Djuvik seier vedtaket på Vestland fylkesting symboliserer ei «statusheving av ein aktivitet som veldig mange driv med».

Foto: Michal Konkol

Vil ha gaming inn i idrettsmodellen

Det nye gamingsenteret i Sogndal går inn under ein eigen «gamingstrategi» som Vestland fylkeskommune lanserte sist veke.

Målet er å styrke e-sportmiljøet i regionen og leggje til rette for at barn og unge har eit organisert tilbod for dataspel.

– Dette er ei statusheving av det som har vore ein uglesett aktivitet, seier Frank Willy Djuvik, som representerer Frp på fylkestinget.

Djuvik er sjølv ein ihuga «gamer» og har jobba for strategien i fleire år.

Frank Willy Djuvik

DATASPEL: Fylkespolitikar og «gamer» Frank Willy Djuvik har jobba lenge for at fylkeskommunen skal satse på gaming.

Foto: Tonje Noreng Trøen / NRK

Konkret vil fylkeskommunen leggje til rette for liknande tilbod som det i Sogndal, og tilsetje ein eigen «e-sportkoordinator».

I tillegg har dei lyst ut utviklingsstipend på 40.000 kroner til talentfulle e-sportutøvarar.

Visjonen er å innlemme dataspel i den norske idrettsmodellen.

– Dataspel handlar om å lære strategi, språk og å spele saman som eit lag – alt som den norske idrettsmodellen ønskjer å promotere, seier Stian Davies (Ap).

I likskap med Frp-kollegaen er han gamer på kveldstid. På dagtid er han leiar i hovudutval for kultur, idrett og integrering i Vestland.

LES OGSÅ: I familien Redalen deler oldemor, mormor, mamma og døtrer same interesse: dataspel.

Noregs Idrettsforbund har vore avventande

Men er dataspeling ein idrett? Den internasjonale olympiske komité (IOC) har gått langt i å svare «ja» i ei offisiell uttale:

E-sport i konkurranseform kan bli betrakta som ein idrettsleg aktivitet. Spelarane som er involverte førebur seg og trener med ein intensitet som kan vere samanliknbar med tradisjonelle idrettar.

I 2020 lanserte dåverande kulturminister Trine Skei Grande (V) ein dataspelstrategi med namnet «Spillerom».

– Eg utfordrar alle som tviler på at e-sport er ekte idrett, til å prøve å spele ein finale i over sju timar, sa lagkaptein Casper «CadiaN» Møller til NTB i april.

Da hadde laget hans akkurat sikra seg sigeren i Counter-Strike-turneringa ESL Pro League.

Trym Braathen og kulturminister Trine Skei Grande i aksjon på Nexus E-sport i Kristiansand.

Vil HA MEIR DATASPEL: – Det irriterer meg at spel blir sett på som ein sjukdom, sa Trine Skei Grande (V) i fjor.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Noregs Idrettsforbund (NIF) har likevel vore avventande med å ta Noregs E-sportforbund (NESF) inn i varmen.

I samband med søknaden E-sportforbundet ga til Idrettsforbundet i april var innstillinga at det var behov for meir informasjon.

Likevel har Idrettsstyret opna opp for at eksisterande forbund kan innføre dataspeling som ein idrettsgrein under seg, skriv Pressfire.

I fjor vart «gaminga sitt svar på UEFA» stifta då 28 delegatar frå ulike europeiske land møttest i EUs hovudkvarter.

E-sportforbundet er optimistiske og trur det berre er eit spørsmål om tid før dei får vere med i den store idrettsfamilien.

– Vi i det nasjonale forbundet er i tett dialog med Noregs Idrettsforbund og jobbar positivt målretta med dette, skriv generalsekretær Kjell-Erik Nordahl i Noregs E-sportforbund til NRK.

SJÅ TV-SERIE: Gamerne i NRK-TV.