Hopp til innhold

Politikarane når ikkje ungdommen

Tenåringar i Førde vil ha klarare politikarar og sine eigne saker på dagsorden.

Hafstad vidaregåande skule

KRITISKE: Elevane ved Hafstad vidaregåande skule saknar tydelegare ungdomspolitikarar.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

- Eg har mange rundt meg som ikkje veit kva dei skal stemme eller kva dei ulike politiske partia står for, seier Oliva Bakketun.

Ho er elev ved Hafstad vidaregåande skule, og har nettopp høyrt den politiske debatten ved skulen. Ho meiner elevane er skuffa over ungdomspolitikarane.

- Dette er det første eg har sett av dei, for å seie det sånn. Vi har ikkje fått mykje informasjon på skulen.

- Kan gjere meir

Guro Ødegård er forskar ved Institutt for samfunnsforsking. Ho er samd i at dei politiske partia gjer for lite for å nå ut til ungdom.

- Politikken i dag har på mange måtar fått monopol på dei store sakene. Dermed blir ikkje typiske ungdomssaker som skulekvardagen, fritidstilboda, rasisme, helse og rus gjort synlege, meiner ho.

- Eg synest nok at dei ungdomspolitiske partia i større grad skulle ha klart å formidle den politiske bodskapen slik at det vert relevant for ungdom, seier Ødegård.

Taktikk i valkampen

Strandos

Ungdomspolitikar Sandra Strandos (Sp). Foto: Senterpartiet

Mange av elevane ved Hafstad vidaregåande vedgår at dei ikkje eingong veit kven ungdomspolitikarane i heimfylket deira er. Dei etterlyser eigne hjartesaker på dagsorden i valkampen.

- Når dei politiske partia peikar ut kven som skal representerere dei i debattar og i media, satsar ein på dei som ein ønskjer skal bli mest profilerte i valkampen. Det heile er eit spørsmål om å sanke røyster, og då må ein vere strategisk og taktisk heile vegen i denne hektiske perioden, seier NRK-kommentator Knut Henning Grepstad.

- Jobbar heller internt i partiet

Ungdomskandidat for Senterpartiet i Sogn og Fjordane, Sandra Strandos, forstår kritikken. Ho meiner partiet kan bli flinkare til å fronte ungdommen sine saker i mediene.

- Nokre politikarar er meir synlege enn andre. Sjølv er eg ikkje så oppteken av å klistre ansiktet mitt utover framsidene på avisene, men heller jobbe med sakene internt i partiet og påverke dei andre politikarane, seier Strandos.