Hopp til innhold

Krise to veker før skulestart: Hundrevis av elevar veit ikkje om dei har plass

Fylket la ned fleire klassar for at yrkeselevar heller skulle ta fagbrev. Det får store konsekvensar for 18-åringane Henriette og Mathilde og mange andre.

Henriette Fløysand Kvalheim og Mathilde Eksund Olsen ved Måløy vidaregåande skule

– SJUKT SKUFFANDE: 18-åringane meiner det er trist at mange ikkje kjem inn på det dei ønskjer å gå på.

Foto: Bård Siem / NRK

Henriette Fløysand Kvalheim og Mathilde Eksund Olsen frå Måløy hadde sett fram til å starte sitt tredje skuleår denne hausten.

18-åringane har gode karakterar, og hadde rekna med å koma inn på påbygg-studiet ved Eid vidaregåande skule. Dei vart først intervjua av Fjordenes Tidende.

Etter to år på helsefag ville dei skaffa seg generell studiekompetanse. Det må dei ha for å ta høgare utdanning.

Den einaste inngangsnøkkelen for norske yrkeselevar er å ta påbygg på tredje eller fjerde året på vidaregåande.

Men så enkelt var det ikkje. Då fire påbygg-klassar forsvann i fylket, skaut karakterkravet i vêret.

– Det er sjukt skuffande at vi ikkje får tilbod om skuleplass i nærområdet, seier 18-åringane i Måløy. Dei er ikkje åleine.

Totalt står 399 søkjarar i Vestland utan noko tilbod, to veker før skulestart. Sjølv om fylkeskommunen har plikt til å gje alle eit tilbod i vidaregåande skule.

Henriette Fløysand Kvalheim og Mathilde Eksund Olsen ved Måløy vidaregåande skule

FORTVILAR: Etter andre opptaksrunde står 130 ungdommar som har søkt påbygg heilt utan tilbod om skuleplass for vg3. 52 ungdommar i Vestland står utan plass på vg4.

Foto: Bård Siem / NRK

Vurderer å sette utdanninga på vent

182 av desse elevane utan skuletilbod har søkt påbygg vg3. Bakgrunnen er at fylkespolitikarane i Vestland i november i fjor vedtok å fjerne åtte påbygg-klassar. Grunngjevinga var å vri fleire elevar over til å søke lære i staden for påbygg, og at mange elevar slit med å fullføre det teoretisk krevjande skuleåret.

Ved å fjerne påbygg-klassar ønska politikarane å få fleire elevar til å ta fagbrev på tredjeåret. Mangelen på handverkarar gjer dette til eit politisk mål.

I april modererte politikarane seg, og vedtok å heller legge ned berre fire påbygg-klassar: ved skulane Os, Slåtthaug, Kvinnherad og Hafstad.

– Vi må setje utdanninga på vent dersom vi ikkje kjem inn. Det er ikkje sikkert vi kjem inn neste år heller, seier Kvalheim.

Linda Solhaug

– FÅ OPP DAMPEN: Lærar Linda Solhaug seier elevar plutseleg har fått framtidsplanane reve bort, og meiner politikarane kjapt må løyse situasjonen. – Alle elevane som søkte i mars, trudde det var nok plassar til dei. Heile saka har blitt klønete.

Foto: Privat

– Plutseleg skyhøgt karakterkrav

Lærar Linda Solhaug ved Os vidaregåande skule i Bjørnafjorden kommune er kritisk til at politikarane i Vestland har kutta i eit tilbod mange elevar ønsker.

– Mange elevar har planlagt sidan 10. klasse å ta yrkesfag med påbygg. Då blir det veldig vanskeleg for dei når planen for tredje året plutseleg forsvinn under føtene deira.

Skulen hennar har mista den eine av to påbygg-klassar.

– Dermed har karaktersnittet denne hausten blitt skyhøgt for å komme inn. Mange med gode karakterar står no og ventar.

Ho støttar politikarane sitt ønske om at fleire unge skal gå i lære, men meiner dei har byrja i feil ende.

– Noreg treng fleire faglærte, men dette er ikkje måten å gjere det på. Det må planleggast over fleire år, ikkje ad hoc same året som elevane søker.

– Det vart varsla kutt i påbygg-klassar allereie i fjor haust?

– Men så fekk vi seinare signal på at det likevel ikkje ville bli kutt, hevdar Solhaug.

Karianne Torvanger

UTVALSLEIAR: Karianne Torvanger (Ap) vedgår at fylkeskommunen kunne kommunisert betre. – Vi signaliserte kutta allereie i fjor, men innser at kommunikasjonen ut ikkje har vore god nok.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– For tøft for mange

Situasjonen har oppstått fordi det politiske fleirtalet meiner det er for mange som ikkje greier å gjennomføre det teoritunge påbygg-året.

Elevane må «ta igjen» mykje teori etter to år med yrkesfag.

– Påbygg er eit tøft skuleår som mange elevar dessverre ikkje klarer. Då står ein igjen utan fagbrev eller studiekompetanse. Derfor ønsker vi politisk å redusere talet på påbygg-klassar for å sikre at dei som får plass klarer å gjennomføre, seier Karianne Torvanger (Ap), leiar i opplæringsutvalet i Vestland fylkeskommune.

No skal opplæringsutvalet møtast 10. august. Der vil dei truleg be fylkesutvalet om ekstra pengar for å opprette klassar som vart fjerna i mai.

Henriette Fløysand Kvalheim og Mathilde Eksund Olsen ved Måløy vidaregåande skule.

PLAN: Planen for Henriette og Matilde var å ta påbygg på Eid vidaregåande skule på Nordfjordeid. Det er berre nokre mil unna, så dei kunne budd heime. Men dei kjem ikkje inn, og ventelista er lang. – Eg er usikker på om eg ønskjer å flytte langt vekk for å gå på skule, seier Henriette.

Foto: Bård Siem / NRK

Om pengane og klassane kan komme på plass før skulestart 16. august er eit ope spørsmål.

– Vi skal gjere det vi kan for å sikre at alle skal få eit tilbod, men det er korte tidsfristar, vedgår Torvanger.

– Har de feilvurdert situasjonen, og driv de no politisk brannsløkking?

– Det er alltid ei utfordring å treffe hundre prosent med tilgjengelege skuleplassar og kva elevane søker seg til. Det er ikkje uvanleg, seier ho.

– Har de skapt unødvendig uro og uvisse dersom de no endar opp med å ikkje kutte likevel?

– Nei, eg tykkjer ikkje det, for målet på sikt er framleis å redusere kapasiteten på påbygg.