Hopp til innhold

Politileiar hardt ut mot eigen arbeidsplass i ny bok: – Anbefaler ingen å varsla

Politietterforskar Kenneth Berg opplevde å bli motarbeidd av sine eigne då han etterforska forsvinninga til Reidar Osen.

Kenneth Berg, varsler i Reidar Osen-saken

BOKKLAR: Politietterforskar Kenneth Berg har saman med medforfattar Jon Gangdal skrive bok om korleis han opplevde å jobba med etterforskinga av Reidar Osen si bortføring.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

– Gjennom 18 år på politihuset i Bergen, er mi oppleving at det ikkje er ein arbeidsplass som er moden for at ein tilsett gir beskjed om kritikkverdige høve.

Det seier politimann Kenneth Berg under fredagens lansering av boka KidnappetOsen-saken fra innsiden.

Boka handlar om korleis han opplevde å arbeida med Osen-saka. Den starta i 2015, då kunsthandlar og forretningsmann Reidar Osen vart bortført og rana.

Reidar Osen og bilen

Reidar Osen vart bortført i sin eigen bil.

Foto: Politiet / NRK

Fekk ikkje jobba med saka

Den 9. desember 2015 vart Reidar Osen overfalle då han skulle starta bilen sin då han hadde kome ut frå galleriet sitt i Nygaten, like ved politihuset i Bergen.

Minst tre maskerte menn tredde ein pose over hovudet hans.

I timevis skal dei ha køyrt rundt med Osen i lasterommet på bilen. Dei fortalde at ei grav var gjort klar for han, og sette ein pistol ned i halsen på han, ifølgje Osen.

Osen kom seg bort frå gjerningsmennene, og vart lagd inn på sjukehus.

Etter fire intense veker med jobb for å finna gjerningsmennene, vart etterforskinga trappa ned. Hovudetterforskar Berg fekk etter kvart beskjed om å ikkje jobba meir med saka.

I staden jobba Berg og Osen saman om å etterforska saka i smug. Etterforskaren sneik seg inn til Osen ved å gå inn bakdøra på galleriet, så han ikkje skulle bli sett frå politihuset.

– Det var sterkt ubehageleg å vera på utsida og innsida av politiet samtidig, seier han.

Berg varsla til slutt om at saka ikkje vart høgt nok prioritert og for dårleg etterforska.

Dette anmeldte Berg politimeister Kaare Songstad for i 2018.

– Eg vil ikkje anbefala nokon andre å varsla, slik situasjonen er i politiet i dag, seier Berg.

Svaret frå Vest politidistrikt kan du lesa lenger nede i saka.

Reidar Osen skadet etter kidnapping

Reidar Osen fekk hard medfart under bortføringa.

Foto: Privat

– Øyredøyvande tausheit

To menn vart til slutt dømte for bortføringa av Osen, og å ha bortført Petter Slengesol i februar 2015.

Dei siste sju åra har vore tunge for Berg. Arbeidet med å driva saka framover tok etter kvart all fritid. Då han varsla møtte han og motstand.

– Det blir tala med to tunger. Dei oppmodar om å varsla, men når varselet kjem gjer ein ingenting. Det har vore ekstremt krevjande. Eg byrja å skriva boka som terapi for meg sjølv, i eit forsøk på å skriva saka ut av kroppen, seier Berg.

Berg har vore sjukemeldt over lengre tid dei siste sju åra. No er han tilbake i jobben som etterforskingsleiar ved drapsavsnittet åt politiet i Bergen.

Berg seier det også var krevjande å koma att til jobben etter han hadde vore sjukemeldt.

– Det har vore ein øyredøyvande tausheit, både frå leiinga og mine næraste kollegaar, seier Berg.

Reidar Osen med linjal ved halsen

Reidar Osen hadde fleire skadar etter hendinga. Merket på halsen er frå munningen av ein pistol, ifølge Osen.

Foto: Politiet

Ventar varierande mottaking

Berg ventar at boka vil få varierande mottaking av kollegaane på politihuset i Bergen.

– Nokon vil nok føla seg støtt, nokon blir sikkert forbanna. Nokon vil nok verta glade. Mi oppleving er at denne boka ikkje er ynskja av politileiinga i Bergen, seier Berg.

Si eiga framtid er han ikkje sikker på.

– Eg er framleis tilsett, men vegen vidare for meg er for meg uklar per i dag, seier han.

Politimeister Kaare Songstad i Vest politidistrikt svarar at det er vanskeleg å svara på enkeltdelar av kritikken då leiinga i distriktet ikkje har lese boka enno.

Politimester Kaare Songstad utenfor politihuset i Bergen.

Politimeister Kaare Songstad i Vest politidistrikt seier han ikkje har lese boka enno.

Foto: Kaja Hauge / NRK

Via kommunikasjonseininga svarar Songstad med eit meir overordna tilsvar.

Me har ikkje lese boka, men oppfattar av førehandsomtalen at den bygger på ein tilsett si subjektive oppfatning, skriv Songstad i sitt tilsvar.

– Det er vidt høve for tilsette til å ytra seg kritisk om høve på arbeidsplassen – og i bokform – men eg forventar at dette skjer på ein sakleg og balansert måte der ein tar omsyn til kollegaar, arbeidsmiljøet og dei reglar som gjeld for omtale av opplysningar i straffesaker, seier Songstad.

Politimeisteren seier han ved fleire høve har erkjent at Osen-saka burde vore prioritert høgare.

Osen-saka fall saman med oppbygginga av operasjon Dark Room som trakk mykje ressursar i same periode. Me hadde difor ikkje kapasitet til å prioritera annleis, seier Songstad.

Sju år før rettskraftig dom

Det var fyrst i 2019, etter at statsadvokaten hadde bede om ei ny etterforsking, vart saka sett i samanheng med Petter Slengesol si liknande bortføring i februar 2015.

I november 2020 starta rettssaka etter dei to bortføringane i tingretten.

Ein polsk mann som då var 37 år vart dømt for begge ugjerningane, medan ein då 32 år gammal polsk mann vart dømt for bortføringa og ranet av Petter Slengesol.

Saka vart anka til Gulating lagmannsrett. Der vart begge funne skuldige i begge rana, og dei fekk høvesvis fem år og fire månadar og fem år og åtte månadar fengsel.

Høgsterett avviste i februar 2022 ankane til dei to polske mennene.