Hopp til innhold

Politiet: Manipulert video kom frå utanlandsk nettstad frå 2019

Politiet slår fast at videoen som kopla ein skuletilsett i bergensområdet til ein sexvideo er manipulert. Dei ser svært alvorleg på saka og åtvarar barn og unge mot å dele slike videoar.

Skjermdump frå Tiktok

SKJERMDUMP: Biletet viser slutten av Snapchat-videoen delt på TikTok. Andre delar av videoen viser ei seksuell handling. NRK har sladda opplysningar som kan identifisere personar.

Foto: Skjermdump frå TikTok

Måndag vart det kjend at ein tilsett ved ein bergenskule vart identifisert med namn og bilete i ein video som viste slutten av ei seksuell handling.

Videoen er truleg laga av ein elev på skulen og delt på sosiale medium som Snapchat og TikTok.

No stadfestar det lokale politiet overfor NRK at klippet i videoen som viser den seksuelle handlinga stammar frå ein utanlandsk nettstad frå perioden 2019.

Videoen har ingen koplingar til dei involverte i saka, slår politiet fast.

Nettpatruljen vest la tysdag kveld ut eit eige innlegg om saka på sine kontoar på Facebook og TikTok, der dei ber folk om å slette eller rapportere videoen:

Politiet ser alvorleg på saka

– Påtaleansvarleg vurderer no vidare påtaleskritt, seier politistasjonssjefen ved den aktuelle stasjonen.

– Politiet ser svært alvorleg på deling av manipulert videomateriale. Tematikken og det at videomaterialet blir kopla til namngitte personar, gjer saka desto meir alvorleg, seier han.

Politiet har gjort tre avhøyr i saka i dag.

– Dette har vore av personen som har status som mistenkt i saka og personar kring vedkommande, seier politistasjonssjefen.

Manglande kjeldekritikk

Rune Fimreite frå politiets nettpatrulje vest, stadfestar at dei jamleg får meldingar om liknande videoar.

– Vi ser frå tid til annan at enkelte saker blir delt som eld i tørt gras. På få timar kan innlegget ha fått fleire 100.000 delingar, seier han til NRK.

Innlegg som blir delt i stort omfang på sosiale medium er ofte av ein type som provoserer og engasjerer.

Nokre gangar har dei ikkje rot i verkelegheita, men er baserte på feilinformasjon eller misforståingar.

– Problemet i desse sakene er at det er lite kjeldekritikk. Noko av informasjonen kan ha vore teke ut av sin samanheng, eller det er falskt eller heilt uriktig innhald i seg sjølv, seier Fimreite.

Han seier det er vanskeleg å rette opp att skaden for dei som er utsett for dette.

– I ytste konsekvens får du eit internett som hatar deg, og det er veldig vanskeleg å handtere åleine.

– Kjem du over innhald som du lurer på om ikkje er greitt, så er oppfordringa at du må kontakte politiet, seier Fimreite.

Rune Fimreite, fagleder politiets nettpatrulje vest

KRITISK: Rune Fimreite, fagleiar politiets nettpatrulje vest.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

Oftast ikkje vonde hensikter

Dei som vel å dele liknande videoar, har som oftast ikkje vonde hensikter.

– Ofte ville dei berre dele det vidare til ein ven eller to, men så vil desse dele det vidare til sine vener, og slik går det ut av kontroll, sjølv om det ikkje var intensjonen i utgangspunktet, seier Fimreite.

Han understrekar at det hovudsakleg er den som lagar og så delar innhaldet som har eit spesielt ansvar.

– Er dei over 15 år, kan dei bli straffa, seier han.

Også dei som delar innhald som til dømes nakenbilete kan bli straffa dersom dei er over 15 år.

– Det viktigaste av alt er at dei unge er bevisste på kva dei legg ut og kva dei deler. Det er viktig å vere klar over at det kan vere straffbart å dele innhald, som til dømes nakenbilete, seier Fimreite.