Politiet: Ungdom skal ha filma mannen som døydde

Medan mannen låg i hjelpelaus tilstand og døydde, skal ein av dei unge mennene ha filma mannen og sendt det ut på Snapchat.

Nordfjordeid

ÅSTAD: Mannen blei funnen død i si eiga leilegheit på Nordfjordeid.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Det stadfestar politiet i Nordfjord til NRK torsdag kveld.

Søndag 19. januar blei 59 år gamle Rune Kjetil Flo funnen død i bustaden sin rett utanfor Nordfjordeid sentrum.

Etter nokre dagar blei tre unge menn frå Nordfjord pågripne og sikta for å etterlate Flo i ein hjelpelaus tilstand.

Politiet er førebels forsiktig med å kommentere dødsårsaka, men det skal ikkje vere mistanke om at nokon har påført mannen ytre skader.

– Blir etterforska

Han og dei tre ungdomane hadde vore i lag på ein fest denne natta. Utpå morgonkvisten skal Flo ha vore medvitslaus. Dei tre unge mennene gjekk då frå huset.

NRK veit at politiet på eit tidleg tidspunkt i etterforskinga fekk vite at den eldste av dei tre skulle ha filma mannen som døydde.

Først no vil politiet stadfeste NRK sine opplysningar.

– Vi har ikkje sett videoen, men den er ein del av etterforskinga, seier lensmann i Nordfjord, Tormod Hvattum til NRK.

– Eg tar avstand frå dette. Eg synes ikkje det er dekkande.

Det seier advokat Per Kjetil Stautland om opplysningane om videoen. Han er forsvarar for ein av dei tre sikta.

- Eg er opimistisk på vegner av min klient. Eg trur at saka blir henlagt for min klient og at det ikkje blir tatt ut tiltale.

Skal ha vore i live

NRK har snakka med ei rekke kjelder som fortel at den 27 år gamle hovudmistenkte har vore svært aktiv i sosiale medium.

Ikkje minst var han aktiv på Snapchat, der han skal ha delt videoen frå den aktuelle natta.

Etter det NRK kjenner til skal den no avdøde mannen ha vore i live då han blei filma.

Alle dei tre ungdomane blei fengsla i fjorten dagar for å gje politiet ro til å etterforske. Den eine av desse, ein 19-åring frå Nordfjord, blei slept fri tysdag denne veka.

Politiet har førebels ikkje tatt stilling til om dei vil be om ny fengsling av dei to andre sikta i saka.