Hopp til innhold

Robin blei forsøkt knivstukken på Danmarks plass: – Kjente kniven mot magen

Ei kvinne i 20-åra er pågripen etter meldingar om knivstikking på Danmarks plass i Bergen. To personar som blei forsøkt knivstukne, er uskadde.

FORSØKT KNIVSTUKKET: Robin Kjærnsmo ble forsøkt knivstukket på Danmarksplass torsdag ettermiddag.

FORSØKT KNIVSTUKET: Robin Kjærnsmo blei forsøkt knivstikket på Danmarks plass torsdag ettermiddag.

Foto: Mette Anthun

– Eg kjente tuppen av kniven fysisk mot magen, seier Robin Kjærnsmo.

Han blei forsøkt knivstukken i magen av kvinna under Nye Nygårdsbro på Danmarks plass.

– Ho var sløv i blikket og snakka til meg. Men eg høyrde ikkje ka ho sa, fordi eg hadde hørepropper. Eg så kniven og kjente på redsel og tenkte at eg måtte komme meg bort.

Kjærnsmo kom seg frå staden utan fysiske skader. Han har vore på politistasjonen for forklare seg, skriv BA, som først omtalte forsøket på knivstikkinga.

Ikkje fysisk skadd

Like etter klokka 14 fekk politiet melding om ein person med kniv i området ved Danmarks plass som oppførte seg truande. Personen var sett gåande mot Bergen legevakt.

Politiet sende alle tilgjengelege ressursar til staden, og dei andre naudetatane rykka også ut.

Bergen legevakt sa først til NRK at to personar var skadd: Den mistenkte kvinna og ein tilsett ved legevakta.

Men har seinare sagt at det ikkje er snakk om fysiske skader på den tilsette.

Politiet tek DNA-prøvar etter knivstikkinga i Solheimsviken i Bergen.

UNDERSØKINGAR: Politiet tek prøver utanfor Bergen legevakt.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

Dramatisk oppleving

Den tilsette ved legevakta var tilfeldigvis utanfor legevakta då ho blei angripen.

– Den tilsette har ikkje fysiske skader. Ho blir tatt hand om av oss, og det går bra med henne, men ho har hatt ein dramatisk oppleving, seier legevaktsjef Dagrun Waag Linchausen.

Den andre skadde etter hendinga er den mistenkte kvinna. Ho skal ha kuttskadar i ein hand. Ifølgje politiet var ho tilsølt med blod.

– Ho er sendt til ved Haukeland universitetssjukehus, seier legevaktsjef Dagrun Waag Linchausen.

Knivstikking Danmarksplass

RYKKA UT: Ei rekke ambulansar er på plass etter meldinga om knivstikkinga.

Foto: Mette Anthun / NRK

Søker etter fleire skadde

Politiet har ikkje funne andre skadde, men søker framleis i området for å vere sikre.

Innsatsleiar Tom Johannssen seier til NRK at det var fleire vitne til hendinga. Politiet snakka med desse etter hendinga.

Brannvesenet hjelpte også politiet med søket.

– Vi assisterer politiet med søk. Vi har nå ein mannskapsbil og ein brigadeleiar på staden, seier Ole Jacob Hartviksen i 110-sentralen.

Ni ambulansar rykka ut til staden. Fleire av desse har no køyrt igjen.

Knivstikking Danmarksplass

SØKER: Politiet leitar i området etter fleire skadde.

Foto: Oskar Voldsund

Det var mykje folk i området. To politibetjentar står vakt utanfor Bergen legevakt.

Politiet ber publikum ta kontakt på telefon 02800 om ein har opplysningar.

Dei ser alvorleg på hendinga.

Laster Twitter-innhold