Hopp til innhold

Politiet: Dropp forbikøyringane i køen og ta ferielivet med ro

Det finst ikkje noko forbod mot å køyre under fartsgrensa, heller ikkje om du ligg fremst i ein kø. UP meiner det er eit større problem at aggressive bilistar forsøker å køyre forbi.

Påsketrafikken ned fra fjellet på E16.

FØRST I KØEN: Det er ikkje forbode å køyre saktare enn fartsgrensa. Men du skal vise omsyn og sleppe folk forbi.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

– Hissige forbikøyringar i kø er straffbart. Som regel går det ikkje mange meterane før du er i ei ny kø.

Det seier UP-leiar for Vestlandet, Terje Oksnes.

Svært mange nordmenn er på bilferie i desse dagar, og snart kjem også utanlandske turistar på vegane.

– Folk må vere tolmodige. Det er mange som krev sin plass på vegen. Det kan vere utfordring for nokon at det går saktare enn dei ønsker seg, seier Oksnes.

– Eg kan bli irritert

For det er ingen paragraf vegtrafikklova som seier at det er forbode å køyre for sakte. Men den som ligg fremst bør sleppe folk forbi, meiner UP-leiaren.

– Vi melder ikkje og bøtelegg ikkje folk som køyrer saktare enn fartsgrensene. For det er det lov til. Men ein er pålagt er å vere aktsam og ta omsyn til andre trafikantar.

I Indre Sogn, møter vi bodbilsjåføren Vilde Gangdal. Ho er ein av mange som lar seg påverke av at nokon køyrer saktare enn andre.

– Eg kan bli litt irritert om eg blir liggande opp i rumpa på ein del bilar. Eg har ein del eg skal nå.

Vilde Gangdal, bodbolsjåfør.

VIS OMSYN: Bodbilsjåfør Vilde Gangdal tykkjer det kan vere irriterande om det dannar seg køar, men ho tykkjer også bilistar er flinke til å vise omsyn.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Vil ha meir synleg politi

Ho set ord på den følelsen mange har, ikkje minst no om sommaren. Du har bilen fullpakka av bagasje, ungar, hundar og kanskje også svigermor.

Så kjem du bakarst i køen – og langt der framme er det nokon med ekstra god tid.

I slike situasjonar skulle NAF skulle gjerne sett enda meir synleg politi ute på vegen. Det kan dempe både aggressive sjåførar – og dei som gjerne tek det i overkant med ro.

Ingunn Handagard i NAF synest det er fint om politiet også lukar ut dei som lagar køane.

– Med mykje trafikk er det sjølvsagt at nokon vil ligge først i den køen. Då er det klart at om politiet kan hjelpe dei til med å sleppe folk forbi, så er det ein bra ting.

– Ingenting å tene

Men kor mange som faktisk køyrer for sakte og dermed lagar kø, veit politiet lite om. Det dei veit at det er langt fleire som køyrer for fort og uansvarleg.

Rundt 100.000 blir kvart år tatt for råkøyring i Noreg, ein brøkdel av dei som faktisk køyrer over fartsgrensa.

No når sommartrafikken kjem til å ta seg enda meir opp, er rådet frå UP klart: Dropp forbikøyringa og ta livet med ro.

– Om du køyrer forbi nokre få bilar, så kjem du bak enda fleire bilar. Du har ingenting å tene på dette, slår UP-leiar Terje Oksnes fast.