Hopp til innhold

Politiet: – To barn leikar på motorvegen

I Bergen vart Trollhaugtunnelen og Råtunnelen på E39 sør for sentrum stengd. Årsaka var ifølge politiet at to barn oppheldt seg og leika i midtrabatten mellom køyrefelta på motorvegen. Politiet rykka ut for å hente barna.

Det er 80-sone på staden. Politiet har fått fleire naudtelefonar frå bilistar som har sett barna.

Klokka 12.25 fortel politiet til NRK at dei har vore på staden og sett etter barna. – Dei er ikkje der no lenger, så vi opnar tunnelane igjen, seier operasjonsleiar Dan Erik Johannessen.

Dei har også avslutta søket i nærleiken av motorvegen, men gir beskjed til skulane i nærleiken om at dei må gi beskjed til elevane om dette ikkje er greitt. Politiet trur barna har klart å ta seg opp på motorvegen via ein undergangstunnel.

– Dette er jo ikkje bra. Det er farleg og forbode for både vaksne og unge. Vi fekk 8–10 telefonar på dette.