Hopp til innhold

Politiet: – Kvinna vart drepen med kniv

Politiet meiner ektemannen drap kona med kniv. Etterforskinga så langt tyder på at drapet skjedde utanfor mannen sin bustad.

Krimteknikere på plass drapsetterforsking Os

Krimteknikarar var på plass på åstaden i natt. Dei vil halda fram med undersøkingar utover dagen.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Opplysningane me har tilseier at drapet har skjedd med kniv. Me har kontroll på drapsvåpenet, seier politiadvokat i Vest politidistrikt, Inger-Lise Høyland til NRK.

Kvinna vart funnen død i ein oppkøyrsel i Os kommune sundag kveld. Ektemannen, som no er sikta for drap, melde sjølv frå til politiet.

Mannen i 40-åra vart pågripen utan dramatikk og sat natt til måndag i avhøyr med politiet.

Skjedde utanfor huset

Sikta og den drepne har felles barn, men var separert og budde ikkje lenger saman. Begge er norske og har vore gift i fleire år.

Krimteknikarar jobba i heile natt på åstaden. Kvinna vart funnen på bakken mellom hovudvegen og ein bil som stod parkert i oppkøyrselen til mannens hus.

Bevis som er innhenta så langt syner at drapet skjedde utanfor huset, ifølge politiet.

– Ut ifrå det me veit så skjedde drapet utanfor huset til mannen, men eg kan ikkje gå i detalj om korkje motiv eller korleis drapet skjedde, seier Høyland.

Kvinne drept av ektemannen i Os
Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Avtalte å møtast

Etter det NRK erfarer har den drapssikta i avhøyr forklart at han og kvinna hadde avtalt eit møte søndag kveld.

Etter drapet skal mannen ha reist til lensmannskontoret i Os sentrum for å melda seg, men der møtte han stengde dører.

Der vart han sitjande å vente til politiet kom for å arrestere han, utan dramatikk.

– Den sikta gav forklaring seint i går kveld, der han erkjente straffskuld, seier Høyland.

Inger-Lise Høyland

Politiadvokat Inger-Lise Høyland i Vest politidistrikt ønsker ikkje å seia noko om motivet for drapet på noverande tidspunkt.

Foto: Christian Lura / NRK

Godtek fengsling

Politiet trur ikkje det skal ha vore vitne til drapet.

– Slik som det står fram no, ser det ut til å vera samsvar mellom hans forklaring og dei funna me har gjort. Men me har framleis mange avhøyr som står att.

Den sikta mannen er ikkje tidlegare straffedømt. Det vert fengslingsmøte i Nordhordland tingrett tysdag.

– Han kjem ikkje til å setje seg imot varetektsfengsling. Han tar dette særs tungt og er langt nede, fortel forsvarar Jostein Alvheim til NRK.

Naboar og kollegaer i sjokk

Kollegaer av den drepne kvinna har i dag vore samla i sorga.

– Det er ein svært tung dag for oss, seier sjefen ved arbeidsplassen til NRK.

Også naboar fortel at om dei er sjokkert over kva som har skjedd i nærområdet.

– Me er lei oss for at me ikkje oppdaga noko, då kunne me kanskje ha avverja det, seier Eldrid Stensland.

– Dei har vore gode naboar, og var arbeidsame folk. Me kunne ikkje førestilla oss at noko slikt kunne skje, seier Stensland.