Hopp til innhold

Politiet: – Han er dagens store helt

Det kunne gått svært gale då ein mann torsdag kveld fall i sjøen på Stord. Ein observant person i nærleiken kom fort til. – Ein helt, seier politiet.

Mann i sjøen på Stord

DRAMATIKK: Ein mann fall i sjøen og vart redda av eit observant vitne. – Ein helt, seier politiet. Her er hamna like etter at mannen vart redda opp av sjøen.

Foto: Marius Knutsen / Sunnhordaland

Det var rop om hjelp, og hamring på båtane som fekk eit vitne på Stord til å reagere.

Han var då ved småbåthamna like ved Havnegata, utanfor Leirvik sentrum. Han finn ein mann i sjøen og melder det inn.

– Klokka 19.21 fekk me melding om at ein mann hadde falle i sjøen, seier operasjonsleiar Trond Friberg i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

– Mannen var i ferd med å gå under, og han som melder det inn prøver å halde han over vatnet, seier politiet.

– Det er berre å ta av seg hatten

Politiet rykka ut, og brannvesenet vart alt på staden då politiet kom til.

– Brannvesenet hadde då hjulpe vitnet med å få vedkomande som fall i vatnet opp, seier operasjonsleiar Trond Friberg.

Mannen som kom raskt til staden og redda personen som var i sjøen er 45 år gamal, og han vert hylla av politiet.

– Det er berre å ta av seg hatten og bukke djupt, seier Friberg.

Ringte medan han heldt mannen fast

Politiet seier vitnet til hendinga reagerte eksemplarisk, og Trond Friberg er tydeleg imponert over innsatsen til den 45 år gamle helten.

– Han greier å halde på personen som ligg i sjøen, og sørgjer for at han ikkje glir under. Samtidig greier han å varsle AMK, seier Friberg.

– Han held på mannen til han får hjelp av brannvesenet til å få mannen opp, seier han.

Mindre skader

Mannen som fall i sjøen skal ha ein mindre skade i hovudet og i ansiktet.

Politiet trur dette kan ha samanheng med då mannen fall i sjøen.

– Han var naturlegvis kald, og han er frakta til helsvesen på Stord for ein sjekk, seier Friberg.