Opprørt etter at fire personar blei køyrde ned på ferjekai: – Eg er framleis «shaky»

GJERMUNDSHAMN (NRK): Lokalsamfunnet er prega etter at ein bil køyrde ned fleire personar på ein ferjekai. Tre kvinner og ein mann blei sende til sjukehus med luftambulanse etter den alvorlege ulukka.

Elisabeth Prestnes Fosså

FRAMLEIS «SHAKY»: Elisabeth Prestnes Fosså bur i nærleiken av ferjekaien der fire personar blei påkøyrde.

– Eg er framleis «shaky», seier Elisabeth Prestnes Fosså.

Ho bur ikkje langt frå ferjekaien der fleire personar blei påkøyrde av ein bil på ein parkeringsplass måndag.

Tre kvinner og ein mann mellom 70 og 80 år blei frakta med helikopter til Haukeland universitetssjukehus.

Sjåføren var ei kvinne i slutten av 70-åra, ifølgje politiet, som ser på det heile som eit uhell.

Det framstår ikkje som ei villa handling, men eit regelrett uhell som har fått store konsekvensar, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt til NRK.

Ulykke ved Gjermundshamn fergekai

ULUKKESBILEN: Politiet var på staden med fleire politipatruljar og seier dei tolkar hendinga som eit uhell.

Foto: Thomas Thorsen / NRK

– Eg visste det måtte vere nokon eg kjente

Personane som vart trefte av bilen stod ved ein varebil som pleier å selje frukt og grønt på ferjekaien.

Der kunne like godt Fosså ha stått.

– Eg pleier å handle der når dei kjem ein gang i månaden. Men eg venta til dei andre var ferdige, det var mange bilar der nede.

Ho bur like bortanfor ferjeleiet og fekk med seg dramaet då ho såg ut av vindauget sitt.

– Eg skjøna at det var ei ulukke, og visste at det måtte vere nokon eg kjente, naboar eller vener. Eg kjenner jo alle her, seier Fosså.

Ho gjekk ned og tilbaud brannvesenet å hjelpe til, men dei hadde kontroll.

– Eg såg at nokon låg på bakken og at nokon hjalp dei. Eg opplevde at det var alvorleg, seier Fosså.

Ulukke Gjermundshamn

LUFTAMBULANSE: Ein luftambulanse og eit redningshelikopter har landa på ferjekaien på Gjermundshamn i Kvinnherad.

Foto: 03030-tipser

– Djupt tragisk

Ei som kom heilt tett på ulukka, var seljar Marie Korsvik som stod og selde poteter frå varebilen då fleire av kundane blei påkøyrde.

– Det er eit under at eg ikkje blei treft. Eg stod og snakka med dei då dei vart påkøyrde, seier ho.

Hennar eigen grønsaksbil fekk også påført skadar. Korsvik kallar hendinga «djupt tragisk».

– Dette var folk som stod i kø og skulle kjøpa grønsaker hos meg. Dette er så fælt det kan bli på ein så liten plass som dette.

Det var Stord24 som først intervjua Korsvik om ulukka.

Marie Korsvik

AUGEVITNE: Marie Korsvik såg fleire kundar bli påkøyrde mens ho selde grønsaker på ferjeleiet til Gjermundshamn i Kvinnherad. Biletet er teke ved eit anna høve.

Foto: Marius Nissestad / Grenda

Grønsakshandlaren håper dei skadde klarar seg. Korsvik kjende føraren av bilen og seier at vedkomande skal ha tatt feil av gass og bremse.

– Det er forferdeleg tragisk for sjåføren. Ingen gjer slikt me vilje, seier ho.

Bilen rygga og køyrde fram att

– Politiet har avhøyrd vitne og tar hand om føraren saman med helsepersonell, seier innsatsleiar Svein Valland Laupsa.

Til Stord24 seier Korsvik at sjåføren av ulukkesbilen skal ha rygga på folk som stod på parkeringsplassen.

Då bilen køyrde framover igjen skal fleire ha blitt påkøyrde, stadfester eit anna vitne til NRK.

Innsatsleder i politiet Svein Valland Laupsa, Gjermundshamn fergekai

INNSATSLEIAR: Innsatsleiar Svein Valland Laupsa seier politiet gjer undersøkingar for å finne årsaka til ulykka.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Politiet har fått dei same opplysningane.

– Bilen rygga på nokon ved ein utsalsstad i eit av felta på ferjekaien, og køyrde deretter framover, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt.

Han opplyser at bilføraren ikkje er fysisk skadd, men vart følgd opp av helsevesenet på staden på grunn av påkjenninga hendinga var for ho.

Tok blodprøve av føraren

Det blei også teke ei blodprøve av sjåføren.

– Det er i utgangspunktet ikkje mistanke om påverknad i nokon form, men på grunn av omfanget er det teke ei blodprøve, seier Rebnord.

Fortel om ein femte skadd

Ordføraren i Kvinnherad Hans Inge Myrvold seier lokalsamfunnet er prega etter hendinga.

– Det er ei djupt tragisk ulukke. Det er eit lite bygdesamfunn. Ein blir jo påverka når sånt skjer og såpass mange er involvert i ei og same hending, seier Myrvold.

Han opplyser at også ein femte person skal vere lettare skadd og handtert av lokalt helsepersonell. I tilllegg skal det gå bra med dei som er frakta til sjukehus

– Men det er klart det var veldig dramatisk då det stod på, seier ordføraren.

Kriseteamet til kommunen har hatt samtalar med alle involverte. Dei følgjer også opp sjåføren.

– Tilstanden er nok litt sjokkarta for ein del. Vi håper dei som er påført skadar blir lega fort og kan komme tilbake til Kvinnherad, seier Myrvold.