Hopp til innhold

Politiet: 57 vitne er avhøyrd etter bensinstasjon-drapet

POLITIHUSET I BERGEN (NRK): Den drapssikta og dei to som er sikta for medverknad til drap er fengsla i fire nye veker.

Trond Eide

INFORMERTE: Politiadvokat Trond Eide informerte om bensinstasjonsdrapet.

Foto: SIMON S. BRANDSETH / NRK

– Vi har avhøyrd 57 vitne etter drapet, seier politiadvokat Trond Eide på ein pressekonferanse måndag ettermiddag.

28 år gamle Said Bassam Chataya vart knivstukken og drepen på ein bensinstasjon ved Danmarks plass i Bergen, kvelden 15. februar.

Tre menn sit i varetekt etter drapet, ein sikta for drap og to for psykisk medverknad til drap.

Politiet fekk måndag medhald i Bergen tingrett, og dei tre blei fengsla i fire nye veker med brev- og besøksforbod.

– Visste om konflikt

Ifølgje politiet skal dei to ha visst om at det var ein konflikt mellom nokon av dei innblanda, og at konflikten kunne ende opp med bruk av kniv. Politiet vil ikkje seie kven denne konflikten skal ha vore mellom.

Eide i politiet seier at dei har fleire hypotesar om kva som var motivet for hendinga, men med omsyn til etterforskinga ville dei ikkje gå ut med desse hypotesane.

– Saka er framleis høgt prioritet, og ei større etterforskingsgruppe jobbar med saka, seier han.

Vi dekte pressekonferansen direkte. Sjå video nedst i saka. Siste meldingar om saka finn du her:

Har video

Politiet har fått inn video av hendinga, både frå bensinstasjonen, frå andre stader og frå private i nærleiken.

– Vi meiner vi har god kontroll på hendingsgangen, seier Eide.

Den drapssikta er ein 21 år gamal mann som er fetteren til Chataya. Han samtykte til skriftleg behandling av vidare varetektsfengsling.

Advokat Jørgen Riple, som forsvarar den drapssikta 21-åringen, meiner videoen er uklar og seier at han ikkje ser det same som politiet.

Knivdrap ved Circle K i Viken (Danmarks Plass i Bergen)

BENSINSTASJON: Drapet skjedde på Circle K-stasjonen på Danmarks plass i Bergen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Døydde på sjukehuset

Framleis er tolv personar sikta i saka.

Politiet fekk melding om eit masseslagsmål på Danmarks plass i Bergen i 21.30-tida fredag 15. februar. Då dei kom fram til staden, fann dei Chataya knivstukken på bakken. Ifølge eit vitne NRK har snakka med, blei Chataya stukken fleire gonger.

Chataya blei frakta til Haukeland universitetssjukehus, men døydde av skadane.

Han blei gravlagt på Loddefjord gravplass 21. februar. Fleire hundre menneske møtte opp i gravferda. Chataya hadde to søner på tre og fire år.

Politiet informerer om bensinstasjondrapet

Politiet informerer om bensinstasjonsdrapet