Hopp til innhold

Politiet vil tiltale eks-stefaren for drap på Monika (8)

– Det har skjedd under særskilt skjerpande omstende, meiner politiet.

Monika i Bergen

FUNNEN DØD: Monika Sviglinskaja (8) vart funnen død på Sotra utanfor Bergen i 2011. Politiet er ferdig med etterforskinga, og meiner den 33 år gamle eks-sambuaren til mora drap jenta.

Foto: Privat / NTB scanpix

Hordaland politidistrikt melder onsdag ettermiddag at dei er ferdige med etterforskinga i Monika-saka.

Politiet meiner den sikta 33-åringen drap Monika Sviglinskaja (8) i ein leilegheit på Sotra i november 2011, og innstiller på at det blir tatt ut tiltale for forsettleg drap.

– Det er drap under særskilt skjerpande omstende, seier politiadvokat Asbjørn Onarheim til NRK.

Tiltalen blir tatt ut tre år etter at politiet la vekk saka, og meinte at åtteåringen døydde av skader ho hadde påført seg sjølv.

Monika-siktet

NEKTAR STRAFFSKULD: Den sikta 33-åringen frå Litauen nektar straffskuld i saka. Han har vore i politiets varetekt sidan han vart arrestert hausten 2014.

Riksadvokaten avgjer tiltale

Politiet ber også om at det blir tatt ut tiltale om tjuveri frå bustaden Monika blei funnen død i. Onarheim seier innstillinga byggjer på det samla resultatet av den første etterforskinga, og den andre etterforskinga som har pågått dei siste 16 månadane.

– Vi meiner det er tilstrekkeleg bevis, seier politiadvokaten.

Seinast førre veke fekk politiet svar på eit viktig bevis i saka. Facebook bekrefta at ein trusselmelding sendt til Monikas mor var sendt frå den sikta i saka.

Saka blir no oversendt Statsadvokaten, før Riksadvokaten tar endeleg avgjerd i tiltalespørsmålet.

Beklaga personleg ovanfor mora

Bistandsadvokat for mora, Stig Nilsen, seier til NRK at han og Kristina Sviglinskaja har vore i møte med politiet i Bergen i dag.

Der beklaga politimeister John Reidar Nilsen saka personleg ovanfor mora til Monika.

Dei er letta over at politiet i dag har vald å gå ut med innstillinga om at dei vil tiltale eks-sambuaren for forsettleg drap.

Kristina Sviglinskaja

Mor til Monika, Kristina Sviglinskaja, har i dag vore i møte med politiet i Bergen. Dei informerte om innstillinga si i saka.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

DNA-bevis

Politiet har funne DNA frå 33-åringen fleire stader på kroppen til Monika. Åtteåringen vart funne død med eit belte rundt halsen.

DNA-funna frå beltet og andre stader har blitt analysert av britiske ekspertar, og bergenspolitiet fekk svaret i november.

Ekspertane konkluderte med at det er meir sannsynleg at DNA-funna stammar frå direkte kontakt enn indirekte kontakt med den drapssikta.

Advokat Aasmund Olav Sandland

FORSVARAR: Aasmund Sandland.

Foto: Knut-Sverre Horn

Nektar straffskuld

Det var i november 2011 at Monika Sviglinskaja vart funnen død av mora i leilegheita dei budde i på Sotra utanfor Bergen.

I 2013 kravde ein politietterforskar i bergenspolitiet at saka måtte takast opp igjen. I mai 2014 vart saka opna igjen og Kripos vart kopla inn.

I oktober 2014 vart den tidlegare sambuaren til Monikas mor arrestert og sikta for å tatt livet av åtteåringen.

33-åringen nektar straffskuld.

– Innstillinga frå politiet er som venta. Vi ser fram til å få kasta lys over saka i retten, seier forsvarar Aasmund Sandland til NRK.