Hopp til innhold

Politiet undersøkte berre menn under knivaksjon: – Ulovleg, seier jusprofessor

Jusprofessor meiner politiet i Bergen bevegar seg på kanten av lova når dei berre undersøker eitt kjønn i ein storstilt knivaksjon.

Knivaksjon i Bergen

KNIVAKSJON I BERGEN: Totalt 850 personar vart kontrollerte laurdag. Alle av dei var menn.

Foto: Sandor Dahl / Bergen Foto og Media

Laurdag kveld gjennomførte politiet i Bergen ein større aksjon for å finne knivar blant folk på byen.

Ein knivaksjon der dei sjekkar menn – og berre menn – mellom 18 og 60 år.

Totalt 850 personar vart kontrollerte.

Men jusprofessor Hans Fredrik Marthinussen ved Universitetet i Bergen meiner knivaksjonen kan vere ulovleg, og viser til diskrimineringslovgivinga.

Han seier det er openbert at ein ikkje kunne gjennomført ein slik aksjon og diskriminert etter etnisitet, religion og legning.

Og no er faktisk diskrimineringslovgivinga vår slik at det også er ulovleg å diskriminere på kjønn. Eg trur difor at det er ulovleg berre å sjekke menn, seier Marthinussen.

Flest menn med kniv

Bergenspolitiet forsvarar metodebruken og seier menn er klart i overtal i statistikken.

I løpet av ein treårsperiode med 304 beslaglagde våpen/knivar, sto menn bak 264 av tilfella. Det viser ei oversikt frå 2019, som BT gir att.

Morten Ørn, politileiar for Bergen, Askøy og Øygarden, seier det ville vore mindre målretta og effektivt dersom dei skulle sjekka både kvinner og menn.

– Dei som hyppigast går med kniv på seg, er menn. Det er uhyre sjeldan vi pågrip kvinner som har kniv på seg, seier han.

Ørn meiner også at kunnskapen som ligg til grunn gir god grunn til å berre sjekke menn.

– Vi meiner dette er lovleg i og med at vi sit på den kunnskapen vi har. Kunnskapen om kven som ber kniv, den er såpass tung at den rettferdiggjer at vi her er målretta og kunnskapsstyrt når vi gjennomfører kontrollen, seier Ørn.

Våpenaksjon på Jernbanetorget

OFTAST HOS MENN: – Dei som hyppigast går med kniv på seg, er menn. Det er uhyre sjeldan vi pågrip kvinner som har kniv på seg, seier Morten Ørn, politileiar for Bergen, Askøy og Øygarden.

Foto: Intisaar Ali / NRK

LES OGSÅ: Tre kniver beslaglagt på ett kvarter – mener likevel at Oslo er en trygg by

Oslo-politiet får kritikk

Også Oslo-politiet får kritikk, etter at til saman nesten 2000 personar nyleg vart massevisiterte i tre store operasjonar.

– Skal ein bli gjenstand for slik kontroll, må det vere ein grunn – politiet kan ikkje gjere dette etter eige «forgodtbefinnande», seier Marius Dietrichson, leier av Advokatforeningens forsvarargruppe, til Dagbladet.

Politiet forsvarar handlemåten, og meiner lova gir dei heimel til slike verkemiddel, for å overvinne våpenkriminalitet i Oslo sentrum.

– Vi vil forhindre at det vi kallar utelivsvalden, utartar med hyppig bruk av våpen, seier politiinspektør Tore Soldal, leiar for eining sentrum i Oslo politidistrikt.

Våpenkontroll jernbanetorget

VÅPENKONTROLL: Oslo-politiet får kritikk etter at til saman nesten 2000 personar nyleg vart massevisiterte i tre store operasjonar.

Foto: Intisaar Ali / NRK

Også i Bergen var målet med politiaksjonen å hindre vald på byen.

– Etter gjenopninga har utelivet vore ganske spesielt. Det har vore mykje vald. Rett nok ikkje mykje knivepisodar, men mykje vald. Vårt viktigaste mål med dette, er å lage ein oppdagelsesrisiko og skremme dei som har tankar om å bere kniv på byen, seier politileiaren i Bergen.

Jusprofessor Marthinussen meiner likevel metoden ikkje burde bli brukt igjen.

– Over tid vil dette føre til at dei som berre kniv vil kunne alliere seg med ei kvinne, seier han.