Hopp til innhold

Politiet trur tiltalte brør starta brannen for å finansiere nytt hotell

Dersom det ikkje hadde blitt oppdaga at brannen var påsett, ville forsikringsselskapet måtte betalt ut opp mot 100 millionar kroner.

Korridor på Selje Hotel

RIGGA: Politiet meiner dei tre tiltalte brørne planla og rigga tidsinnstilte loddeboltar tre plassar i hotellet, slo av brannalarmen og lét dørene stå opne for at brannen skulle spreie seg mest mogleg.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– I korte trekk meiner vi at dei sette fyr på hotellet for å få utbetalt ein forsikringssum, eller for å få bygt opp eit heilt nytt hotell, seier statsadvokat Magne Nyborg til NRK.

Mandag startar rettssaka mot dei tre sikta brørne etter brannen på Selje hotell i fjor. Hotellet hadde 16 millionar kroner i gjeld og skulle renoverast då brannen starta.

Magne Nyborg

AKTOR: Statsadvokat Magne Nyborg aktorerer saka som starta som ein hotellbrann, men som under etterforskinga også vart ei sak gjelda økonomisk utruskap og forsøk på forsikringssvindel.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Politiet meiner hotellsjefen, styreleiaren og kjøkkensjefen tappa hotellet for verdiar og sette fyr på det ved hjelp av tidsinnstilte loddeboltar for å hente ut forsikringspengar.

Heilskapleg bilete

– Eg vil gå igjennom det eg meiner er sentrale tema i saka for å bevise at dei har både sett fyr på, utført forsikringsbedrageri og utruskap sidan dei tok over hotellet i 2014, seier Statsadvokat Nyborg som ikkje vil gå inn på bevisa før rettssaka.

Han meiner likevel at dokument, tekniske bevis, vitneforklaringar og ein biltur frå Stockholm til Selje og tilbake, gir politiet heilskapleg bilete av det dei meiner skjedd.

Brann i Selje hotell

BRANN: Selje hotell vart totalskadd i brann natt til 25. november i fjor.

Foto: Erik Hove

Nyborg vil ikkje kommentere kvifor dei meiner alle brørne skal dømmast for brannen.

– Vi har fleire vitne som har betydning på fraksjonar av bevisføringa, seier han.

– Ser framover

For to av brørne, eigar og dagleg leiar, omfattar tiltalen økonomisk utruskap og forsikringssvindel for fleire millionar kroner.

Per Kjetil Stautland

FORSVARAR: Per Kjetil Stautland er forsvarar for den tidlegare daglege leiaren i Selje hotell.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Dersom brannen ikkje hadde blitt oppdaga, ville forsikringsselskapet måtte betalt ut opp mot 100 millionar kroner.

Mannen som var dagleg leiar har erkjent å ha sett fyr på hotellet. Politiet meiner det er tre arnestadar på hotellet, men berre den eine fekk utvikla seg til storbrannen.

– Han har samtykka til varetektsfengsling heile vegen og er klar for å bli ferdig med saka. Han ser framover, seier forsvarar Per Kjetil Stautland.

Tre veker lang rettssak

Den tredje, kjøkkensjefen, har ei meir «perifer rolle» i saka.

Paul Inge Angelshaug

FORSVARAR: Paul-Inge Angelshaug er forsvarar til den tidlegare kjøkkensjefen på Selje hotell.

Foto: Oddleif Løset / NRK

I tillegg til medverknad til brannen, er han tiltalt for utruskap på kring 200.000 kroner. Saman med hotelleigaren, har han heile tida nekta straffskuld.

– Det viktigaste no er å få gjennomført den og få belyse saka på best mogleg måte. Så får ein gjere seg opp ei meining av kva som kjem fram gjennom rettssaka, sa forsvarar Paul-Inge Angelshaug til NRK før helga.

Både revisorar, tidlegare tilsette, tidlegare eigarar og dei tiltalte sjølve er blant dei over 20 vitna i den tre veker lange rettssaka.