Hopp til innhold

Politiet trur store mengder død fisk har ei naturleg forklaring

I Eikefjorden i Kinn kommune rek mengder av død hestmakrell på land. – Det heile vil truleg ende som eit herremåltid for fuglar og andre fiskeinteresserte dyr, seier politiet.

Makrell i land

DRIV I LAND: – Lokalt politi har fått melding frå ein person på ei hytte som meiner dette har halde på sidan måndag, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Lokalt politi har fått melding frå ein person på ei hytte som meiner dette har halde på sidan måndag. Vi har også prata med ein lokal bebuar som har sett det same, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund.

Det same har skjedd fleire stader i Vestland.

Ein patrulje har no vore i Botnavik inst i Eikefjorden i Kinn kommune for å vurdere omfanget.

– Vi har vore på staden og konkludert med at det er hestmakrell som ligg på land. Det er ikkje noko som tyder på at kriminalitet er årsaka. Lokalt politi orienterer kommunen, men set ikkje i verk tiltak, seier operasjonsleiaren.

Makrell

FLEIRE STADER: Det er ikkje berre i Eikefjorden at død fisk har drive i land den siste veka.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Vi er kjend med at det kan vere ei naturleg forklaring på grunn av kaldt vatn som smeltar, ulike vasslag og saltinnhald, seier han.

Politiet har ikkje fått meldingar om at det skuldast verken forureining, oppdrett eller fiske.

Fenomen fleire stader

Laurdag vart mellom 100 og 200 døde fiskar observert langs sjøkanten på Onarheim på Tysnes, ifølgje BT.

Politiet fekk samtidig tips om død fisk også på Os. Også desse tilfella er Fiskeridirektoratet varsla om.

Åse Møller-Hansen fann heile 17 døde fiskar då ho var på tur i Mobergsvika laurdag, skriv Os & Fusaposten.

Ifølgje avisa ligg det også fleire død fisk fleire stader på Os, mellom anna i både Tellevika og Vargavågen.