Hopp til innhold

Politiet stoppa fire sportsbilar

Politiet har stoppa fire bilar ved Kvam mellom Hafslo og Sogndal etter melding om stygg køyring.

Stoppa bilar ved Kvam

SPORTSBILAR: Desse fire bilane måtte ta ein pause her medan dei blei sjekka av politiet.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Vi har fått to meldingar om ufin køyring. Alle bilane har utanlandske kjenneteikn, seier operasjonsleiar Wenke Hope ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politibetjent Stein Helge Selland var ein av dei som stoppa bilane.

– Det skal ha vore høg fart og stygge forbikøyringar. Vi stoppa bilar som kan ha vore medverkande til dette, seier han.

Selland seier dei ikkje veit om det er dei rette bilane som blei stoppa.

– Vi må vere sikre når vi skal ta tak i dei som har gjort dette. Det skal ha vore minst fem bilar som køyrde i lag, kanskje fleire. Desse bilane er nok ein del av det følgjet, seier han.

Politiet har snakka med både meldarane og sjåførane og fått begge sine versjonar. Dei har no fått køyre vidare.

– Vi testa alle fire for promille og bilane blei undersøkte, men alt stod bra til, seier han.