Politiet stoppa fest med 50 personar: – Det var mykje folk og mykje leven

I natt fekk politiet 38 meldingar om festbråk i Bergen sentrum.

Bergen sentrum om natten

TRAVELT: Med 38 meldingar om ordensforstyrringar i Bergen sentrum har politiet hatt nok å gjere gjennom natta.

Foto: NRK

– Vi rykte vel ut på 31 av dei, fortel operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt.

Med 38 meldingar om ordensforstyrringar har dei hatt nok å gjere gjennom natta.

– Dette har blitt ei sedvanleg historie for oss, og er ikkje nytt for denne helga. Vi skal ikkje meine noko om dette, men det kan nok hende folk blir litt skuffa, seier han.

Dei fleste fekk munnleg pålegg om å avslutte moroa.

50 personar samla

I ei leilegheit i Bergen sentrum politiet møtt av kring 50 feststemde personar.

– Det var mykje folk og mykje leven. Dei tre vertane er melde for ordensforstyrring, opplyser Hellesund.

Politiet jobbar i tråd med nasjonale råd og anbefalingar, og det er ikkje lokale korona-forskrifter i Bergen kommune.

– Men forholdet er dokumentert, og kommunen kan følgje det opp i eit «covid-spor» dersom dei ønskjer det, seier han.

Fest med bål og madrassar

Det var ikkje berre i Bergen sentrum at folk tok seg ein fest i natt. Ved Fantoft kom det rundt midnatt meldingar om høg musikk og støy.

Det viste seg å vere ein gjeng på ti personar i 20-åra med oppblåsbare madrassar som hadde bål og fest utandørs.

Byggeplass på Fantoft.

UTANDØRS FEST: I området ved Fantoft hadde ein gjeng på ti personar rigga seg til med oppblåsbare madrassar, bål og ein solid høgtalar.

Foto: Jon Bolstad

– Det var god stemning, men litt mykje lyd. Dei hadde ein solid høgtaler i ei elles stille vinternatt, seier Hellesund.

Dei fekk munnleg pålegg om å dempe seg.

I friluftsområdet på Nøttveit festa mindreårige utandørs, og i Sogndal fekk ei vertinne i 20-åra pålegg om å avslutte ein heimefest.

Travel natt i Trøndelag

Også i Trøndelag har politiet hatt ei travel natt. Politiet fekk 28 meldingar om festbråk, og rykte ut til tolv festar som vart avslutta.

I Levanger var kring 50 ungommar samla utandørs i Nesheimskogen. Ifølgje politiet var ei 15 år gammal jente overstadig rusa. Ho vart køyrd heim. Ungdommane sprang frå staden då politiet kom.

I ein gapahuk på Saupstad i Trondheim var 25 ungdommar samla. Dei tente på ein benk, og politiet fann også narkotika på staden.