Hopp til innhold

Politiet sterkt synleg under VM: – Ynskjer ikkje våpen i fokus

Over fire hundre væpna politifolk er stasjonerte i og utanfor Bergen sentrum under sykkel-VM. – Prøver å unngå å vera overdrive synleg i bybildet, seier politistabssjef.

Politiets beredskapsbil under sykkel-VM i Bergen

BEREDSKAP: Synleg væpna politi i Bergen sentrum etter opningsseremonien laurdag kveld. På grunn av den gjeldande trusselvurderinga står beredskapen i høgsetet under VM.

Foto: Elise Farestveit / NRK

Under opningshelga av sykkel-VM har store politistyrkar patruljert både og over bakken.

Alle polititenestefolk i teneste ber våpen.

– Å vera overdrive synleg er ikkje eit mål i seg sjølv og noko me helst vil unngå. Men politiet må ha ein viss nærleik for å gi publikum god beredskap, seier stabssjef ved Vest politidistrikt, Gustav Landro.

Beveæpnet polit under sykkel-VM i Bergen

VÆPNA: Politet i Bergen er væpna under heile VM.

Foto: Elise Farestveit / NRK

Ingen konkrete truslar i oppdatert vurdering

PST har i forkant av VM lagt fram ei eige trusselvurdering for arrangementet. PST vil ikkje sjølv kommentera vurderinga, og viser til Vest politidistrikt.

Landro opplyser at Vest politidistrikt er i fortløpande dialog med PST om trusselnivået mot arrangementet i Bergen. Han kan ikkje kommentera innhaldet i trusselvurderinga, men dempar ei eventuell uro publikum måtte ha for dei synlege styrka i bykjernen.

Ifølge stabssjefen legg trusselvurderinga seg på same nivå som den oppdaterte trusselvurderinga PST la fram i juni.

Politi på taket på bygg på Torgallmenningen i Bergen

PÅ TAKET: Politiet har oversyn over Torgallmenningen frå eit nærliggande hustak.

Foto: Lene Granli / NRK

– Det er ingenting konkret i dette trusselbiletet. Skulle det oppstå ein situasjon der vurderinga blir justert opp, er det noko me fortløpande vurderer opp mot arrangøren. Me er ikkje i nærleiken av å vera der, seier Landro.

Væpning både i Oslo og Bergen

Under Oslo Marathon i helga var også Oslo-politiet væpna. Overfor NRK opplyste Oslo politidistrikt at væpninga er eit resultat av ei rekkje arrangement i hovudstaden den siste veka.

– PST har bede oss vera oppmerksame på denne type arrangement, som heng saman med trusselvurderinga. Men det er ikkje utarbeidd noko spesielt i høve sykkel-VM som gjer at me væpnar oss som me gjer, opplyser stabssjefen i Bergen.

Den mellombelse væpninga er gjeldande til sykkel-VM er over.

Politiets beredskapsbil under sykkel-VM

SYNLEG I GATA: Politiet har stasjonert over fire hundre polititenestefolk i Bergen under sykkel-VM. Også bombegruppa og beredskapstroppen er sendt til byen.

Foto: Elise Farestveit / NRK

Bombegruppe og beredskapstropp i Bergen

Både uniformerte og sivile politifolk frå andre deler av Politi-Noreg er stasjonerte i Bergen. I tillegg til ordinære politistyrkar er deler av bombegruppa, beredskapstroppen og andre «nasjonale bistandsressursar» på plass under meisterskapen.

Landro opplyser at polititenestefolka ber med seg handvåpen ute. I tillegg er dei andre våpentypane politiet har, tilgjengeleg innanfor kort rekkevidd.

– Me vil ikkje at våpena i seg sjølv skal vera i fokus. Men dei er viktige for å kunna ha god beredskap i bakhand, som polititenestefolk kan gripa til raskt.

Gustav Landro orienterer pressen etter helikopterulykken ved Turøy

STABSSJEF: Gustav Landro i Vest politidistrikt opplyser at bemanninga er tredelt og handlar om logistikk, sikkerheit og beredskap. Arkivfoto.

Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix

Bombegruppa vil ikkje ha noko synleg rolle i bybilete, men er ein ressurs Vest politidistrikt kan bruka dersom situasjonar må sjekkast og klarerast fort, ifølgje Landro.

– Det er viktig for å halda arrangementet i gang utan noko form for risiko. Politiet sin synlegheit blir større dersom publikumsmengda går ned eller varierer. Difor kan det sjå ut som at det er mange politifolk enkelte plassar.

Dette er naudetatane sine tiltak i Bergen

  • For arrangementet blir 384 ekstra politimannskap kalla inn, frå fem ulike politidistrikt
  • Deler av bombegruppa vil bli stasjonert i Bergen
  • Deler av beredskapstroppen vil vera til stades
  • Andre frå «Nasjonale bistandsressursar» vil stå klare
  • Mellombelse brannstasjonar i Bergen sentrum
  • Fleire ambulansar i gatene
  • Ei ny, oppdatert trusselvurdering frå PST er presentert politidistriktet i forkant av VM
  • Luftrommet blir stengd i tre sonar