Hopp til innhold

Politiet står framleis utan svar på blodmysterium i Bergen: Sikta i saka lauslatne i kveld

Politiet har brukt store ressursar for å oppklara funn av blod i eit hus i Bergen natt til torsdag. Dei håpa ein DNA-analyse ville gje svar, men saka er framleis eit mysterium.

knivstikk-adolph-berg

BLOD: Her på utgangsdøra vart det funne blodspor etter ei mogleg knivstikking natt til torsdag. Framleis er ingen skadde personar funne.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

SISTE: Fredag kveld blei dei tre mennene som vart gripne og sikta for kroppsskade etter ein mogleg knivstikking på Landås natt til torsdag, lauslatne.

Politiet fryktar ein fornærma kan vere alvorleg skada etter hendinga, men førebels er ikkje personen funnen.

Identiteten til vedkommande er framleis ukjend for politiet etter ein DNA-analyse av blod funnet i leilegheita. Det betyr at personen ikkje er i politiet sitt register.

Dei tre mennene, mellom 23 og 35 år, blei gripne torsdag morgon og kan ikkje sitte lenger i politiarresten enn 48 timar, bekreftar politiadvokat Linn Marie Søfteland i Vest politidistrikt.

Alle tre har framleis status som sikta i saka.

Berre éin av dei tre har ønska å forklare seg for politiet, ifølge Søfteland.

– Det kom ikkje fram nokon opplysningar knytt til identifisering av fornærma, seier ho.

Det var BA som først melde om svaret på DNA-analysen og BT om at dei tre vart lauslatne.

Etterforskar fleire spor

Ifølge Søfteland etterforskar politiet et par andre spor i saka i kveld.

– Me hadde håpa at vi skulle finne ut kven blodet tilhøyrde, men me har eit par andre spor som me sjekkar ut no i kveld og håpar det kan bringa oss nærare ei løysing, seier ho.

– Kan du seia noko om kva slags spor de etterforskar?

– Eg ønskjer ikkje å gå i detalj på det, seier Søfteland.

knivstikk-adolph-berg

Her er kriminalteknikarar i gang med å undersøkja blodspor på ein terrasse.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Politiet: – Uroa

Politiet blei varsla 04.30-tida natt til torsdag og store ressursar vart sendt til staden.

Inne i ein bustad fann politiet fleire personar. Dei fann også blod på ytterdøra, på ein terrasse, og på husveggen.

Politiet slo raskt fast at nokon måtte ha vorte skadde, mest truleg av knivstikk.

Fredag er framleis ingen skadde personar funne. Verken av politiet, på sjukehus eller hos legevakta, trass i massiv etterforsking.

– Me er uroa for at det framleis er nokon der ute som treng helsehjelp, seier politiadvokat Kjersti Katrine Svendsen i Vest politidistrikt.

knivstikk-adolph-berg

På ein yttervegg er det også spor av blod.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Politiet sende blodet til DNA-analyse torsdag morgon. Samstundes oppmoda Svendsen eventuelle fornærma i saka om å ta kontakt, og vitne som kan ha sett noko om å melda seg til politiet.

– Er de sikre på at det er menneskeblod?

– Ja, alt tyder på at blodet kjem frå eit menneske. Me reknar også med at fornærma er ein mann, seier politiadvokaten.

Voldshendelse på Landås i Bergen

Vegen ved bustaden var det også blodspor.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Var ikkje samarbeidsvillige

Tre menn i alderen 23–35 vart tekne inn av politiet i samband med hendinga denne natta. Seinare blei dei sikta for kroppsskade.

Avhøyra av dei sikta skal ikkje ha hjelpt politiet vidare i saka. Torsdag føremiddag sa operasjonsleiar Tatjana Knappen at dei ikkje har vore samarbeidsvillige. Dette vil ikkje Svendsen kommentera.

Alle dei tre høyrer heime i Bergen, og har ein historikk med politiet frå tidlegare.

knivstikk-adolph-berg

Fleire stader i vegen ved bustaden var det spor. Men framleis er det ikkje sikkert at nokon vart skadd.

Foto: Alrik Velsvik / NRK