Hopp til innhold

Politiet står fast - ber Kripos om hjelp

VIK (NRK): Medan vener og kjende strøymer til Vik for å leite etter den sakna Marita Sælen (46), står politiet heilt utan spor i arbeidet med å oppklare mysteriet. No ber dei Kripos om hjelp.

Leiteaksjon etter Marita Sælen i Vik

MYSTERIE: Både Røde Kors, politiet og frivillege har søkt både på land og til sjøs, utan resultat. No er den offisielle leiteaksjonen over, men mange hundre leitar enno etter Marita Sælen.

Foto: NRK/Privat

– Vi har sikra oss teledata og video frå overvakingskamera, og ein del slike ting. Det er mykje å gå gjennom, så i det arbeidet vil vi svært gjerne ha hjelp frå Kripos, seier regionlensmann i Sogn, Arne Johannessen, til NRK onsdag ettermiddag.

Kva skjedde med Marita Sælen frå Søfteland på Os, som forsvann frå utestaden Dampen i Vik sentrum natt til laurdag? Politiet er per onsdag ettermiddag ikkje nærare eit svar.

Arne Johannessen

FULLT FOKUS PÅ ETTERFORSKINGA: Arne Johannessen er regionlensmann i Sogn.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– Eg må berre beklage og seie at vi ikkje har ny informasjon som gir oss ein retning i det vidare arbeidet. Men vi har mange arbeidsoppgåver, så det vert fullt fokus på etterforskinga framover, seier Johannessen, som lovprisar alle krefter som bidreg i leiteaksjonen.

Familien overvelda over støtten og hjelpa

Sjølv om politiet har avslutta den offisielle leiteaksjonen, kjem det stadig meir folk til Vik i Sogn for å leite etter den sakna kvinna.

– Det har vore borti 350 til 400 menneske frå vi starta. Dette har vore ein kjempeaksjon, no utvidar vi området og så får vi sjå framover korleis vi gjer det. Vi er optimistar til det motsette er prova, sa ein optimistisk leiar for Vik Røde Kors, Knut Mykkeltvedt, til NRK onsdag føremiddag.

Marita Sælen er sakna i Vik

SAKNA: 46 år gamle Marita Sælen forsvann i Vik natt til laurdag.

Foto: Privat

Vener og kjende av den sakna frå Fana, Os og Hardanger deltek i leitinga.

– Vi får stadig folk inn og vi prøver å stadig utvide leiteområdet, all den tid vi ikkje har kome noko lenger. Vi får inn tips heile tida, og vi samkøyrer oss med politiet, sa Mykkeltvedt.

Knut Mykkeltvedt Vik Røde Kors

ROSAR ALLE: Leiar i Vik Røde Kors, Knut Mykkeltvedt, er svært nøgd med at så mange har er og har vore med på den omfattande leiteaksjonen i Vik i Sogn.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

NRK har vore i kontakt med den næraste familien til den sakna, som no er samla i Vik og sjølve deltek i den omfattande leiteaksjonen. Dei er svært glade og takksame for at så mange stiller opp for å leite etter Marita.

–Det er inspirerande at det kjem så mykje folk, og då må jo vi prøve å stå på også lengst mogleg. Vi søker gjennom alle områder skikkeleg, fortalde Mykkeltvedt

Politiet trappar ned

– Årsaka til at den offisielle leitinga er avslutta er at vi no har gått over i ein ny fase, der vi leitar etter antatt omkomen, opplyste regionlensmann i Sogn, Arne Johannessen, etter eit møte med politi, leitemannskap og juristen på saka onsdag føremiddag.

På møtet i Vik la dei ein plan for det vidare arbeidet, som mellom anna består i å kartlegge alle begevelsar og prate med alle som var i sentrum, på campingplassen og på utestaden Dampen.

Store styrkar har sidan laurdag leita på sjø og land etter den sakna Marita Sælen. Ho og mannen var ein del av eit følge på 10 personar som var i Vik i helga. Klokka to natt til laurdag forlèt 46-åringen Dampen pub saman med ein annan mann.

Han har forklart at dei gjekk i lag eit kort stykke før Sælen snudde og gjekk attende til puben. Der sluttar alle spor etter kvinna.

Over 20 personar avhøyrde

Politiet har så langt avhøyrt over 20 personar, utan at dei har fått nye opplysningar som kan kaste lys over kva som har skjedd med Marita Sælen.

Johannessen understrekar at dei ikkje har grunn til å tru at den sakna kvinna skal vere utsett for noko kriminelt.

– Per no så er det absolutt ikkje noko som tyder på at det har skjedd noko kriminelt. Det er ingen spor i den retning, men politiet må sjølvsagt alltid halde alle moglegheiter opne, og ha det som ein av fleire teoriar, seier Johannessen.