Hopp til innhold

Politiet stadfestar at død person funnen i Bergen var sakna 24-åring

Ein ung mann blei tysdag kveld funnen død i ein hage i Loddefjord. Torsdag melder politiet at den omkomne er 24 år gamle Ole Endresen, som blei meldt sakna i helga.

Fallulykke i Loddefjord

TERRENG: Det er bratt og ulendt terreng over hagen der mannen blei funnen.

Foto: Julianne Bråten Mossing / NRK

Endresen forsvann etter ein bytur natt til laurdag 11. september. Mannen hadde vore på vorspiel og hadde avtalt med ein ven å møtast i Bergen sentrum.

No stadfester politiet at det var han som blei funnen død i ein hage i Loddefjord tysdag.

I samråd med dei pårørande går dei ut med namnet på den omkomne.

En mann er funnet død i Loddefjord 15.09.2021.

UNDERSØKINGAR: Krimteknikarar gjorde undersøkingar på åstaden i fleire timar tysdag.

Foto: Julianne Bråten Mossing / NRK

Trur dødsfallet skuldast fallulukke

Politiet trur dødsfallet skuldast ei fallulukke. I ei pressemelding skriv dei at ingenting tilseier at noko straffbart har skjedd.

Det er bratt og ulendt terreng over hagen der mannen blei funnen. Ein person som bur i huset ved sida av, varsla politiet om funnet tysdag.

Innsatsleiar på staden opplyste at det ikkje var mistanke om at det hadde skjedd ei kriminell handling, men krimteknikarar undersøkte åstaden i fleire timar.

Endresen blei obdusert onsdag.