Måndag starta politiet undersøkingar på Øvsttun gravplass i Fana i Bergen. Gravplassen ligg like ved staden der 31 år gamle Trine Frantzen sist blei sett før ho forsvann i 2004.
Saka har sidan vore ei gåte for politiet. Men nye tips har gitt politiet fornya håp om å løysa saka.
- Dette er saka: Trine Frantzen (31) forsvann utan spor
– Nye opplysingar gjer at politiet finn det føremålstenleg å søka i området med georadar, seier Tore Salvesen, seksjonsleiar ved Felles eining for etterretning og etterforsking i Vest politidistrikt til NRK.
– Eg har eit lite håp om at ho kanskje er her, så me kan få ei grav å gå til. Det hadde betydd alt. Me treng å begynna å leva igjen og få eit normalt liv, seier Mona Sørensen, storesøster av Trine Frantzen.
FORSVANN: 31 år gamle Trine Frantzen frå Os forsvann sporlaust i 2004. 15 år seinare gjer politiet nye undersøkingar på ein gravplass i nærleiken.
Foto: Simon S. Brandseth / NRKUndersøker tolv graver
Salvesen ønskjer ikkje å gå i detalj på kva opplysingane dreier seg om.
Måndag undersøker politiet tolv graver på gravplassen. Årsaka er at desse var opne og nye på det tidspunktet Frantzen forsvann.
Først skal politiet kartlegga kva som ligg under bakken ved hjelp av georadar.
Det vil ta ei veke å analysera resultata. Først når analysane er gjort, kan politiet ta stilling til om dei vil grava på gravplassen.
– Me vil gjera denne delen av arbeidet på ein verdig og god måte, samstundes som me tenker på etterforskinga, seier Salvesen.
Måndag kveld opplyser selskapet bak undersøkinga at dei har gjort «mistenkelege funn» til BA.
– Me ser noko som er mistenkeleg, men kan ikkje slå fast noko, seier Bjørn Kvisvik, seksjonsleiar i COWI.
– Me må fjerne støy i bilete, for å sjå om det me ser er riktig, forklarar Kvisvik til BA.
Salvesen skriv i ein tekstmelding til NRK at selskapet er «truleg feilsitert» og «det er ikkje gjort mistenkelege funn førebels».
- Les også:
Sambuaren blei sikta
Politiet har funne det formålstenleg å gjera denne undersøkinga, men vil ikkje spekulera i eventuelle funn, poengterer han.
– Fleire vitne har nemnt dette området som aktuelt. Det er ikkje snakk om nye mistenkte så langt. Det viktigaste er å finna Frantzen, seier politisjefen.
Kvinna frå Os forsvann natt til 7. mai 2004 etter å ha vore på fest saman med fleire vener i Bergen. Seks dagar seinare blei ho meld sakna. Tre månader seinare konkluderte politiet med at dei kanskje kunne stå overfor eit drap.
To personar, den eine Frantzen sin sambuar, blei i 2007 sikta for det som den gongen var forsettleg drap. Saka blei lagt bort året etter på grunn av «bevisets stilling».
Saka blei teken opp att i 2012, då det også kom inn nye tips.
SEKSJONSLEIAR: Tore Salvesen i Vest politidistrikt på Øvsttun gravplass måndag føremiddag.
Foto: Jon Bolstad / NRKTipsar: – Blei dumpa i grav
I samband med innspelinga av dokumentarserien «Insider» i 2018 kom det inn fleire tips – enkelte frå tipsarar som aldri tidlegare hadde meldt seg.
Dagbladet har skrive at eitt av tipsa handla om at Frantzen skal ha blitt drepen med ein såkalla «judasdose» – ein overdose narkotika sett av andre. Deretter skal ho ha blitt dumpa i ein annan person si grav.
Tipset skal ha sett fart i politiet si etterforsking, som denne veka kulminerer i nye etterforskingsskritt i Bergen.
GEORADAR: Politiet undersøker tolv graver som var opne og nye rundt tidspunktet då Frantzen forsvann.
Foto: Simon S. Brandseth / NRK