Politiet roper varsku om saueeigarar som ikkje har nok kunnskap om dyra sine.
Dette gjeld særleg sauer som kan gå ute heile året. Dei blir omtala som utegangarsau og omfattar fleire ulike rasar.
– Mange trur desse sauene greier seg heilt på eiga hand, men det stemmer ikkje, seier Inger Helen Stenevik, politiadvokat hos dyrepolitiet i Vest politidistrikt.
Politiadvokat Inger Helen Stenvik seier villsau-saker ofte kan vere vanskeleg å bevise. – Ofte er den type sauer ute heile året og dei er ute av syne frå samfunnet elles.
Foto: Bård Siem / NRKOnsdag kom det fram at politiet har oppretta sak mot eit par i Sogn og Fjordane. På garden fann Mattilsynet og politiet ni daude utegangarsauer. Resten av flokken på elleve dyr var i så dårleg forfatning at dei blei avliva.
Politiet mistenkjer at eigarane hadde for lite kunnskap om dyra.
I fjor aksjonerte Mattilsynet mot ein bonde i Sogn. Mannen hadde ein flokk villsauer som ikkje fekk godt nok stell. Saka enda med at 29 av dyra blei sende til slakt.
– Ser mykje dårleg sauestell
Men desse sakene er ikkje unike.
Ifølge politiadvokat Stenevik har representantar frå landbruksnæringa gjort dei merksame på problemet.
– Dei peiker på at folk skaffar seg slike ute-sauer utan å vite nok om dei, og at dei ikkje driv skikkeleg. Dette er gjerne hobbydyrehald, seier Stenevik.
Kor mange som har slikt dyrehald er vanskeleg å talfeste. Årsaka er at ikkje alle melder frå om dyra og søkjer produksjonstillegg.
Fagrådgjevar for dyrevelferd i Mattilsynet Trude Lien deler uroa til politiet.
For nokre år sidan var det ein oppsving i folk som kjøpte slike utegangarsauer.
– Ein del starta opp utan heilt å vite kva det gjekk ut på. Mange trudde nok det var ein lettvint måte å ha dyr på, seier Lien.
Mattilsynet var i første del av fjoråret på nær 400 tilsyn med sauebønder.
I 184 av tilsyna blei det funne avvik frå regelverket og eigarane måtte gjere grep. Sju saueeigarar måtte anten avvikle eller avlive flokken.
For ein del år sidan blei det veldig populært med utegangarsau, fortel Hilde Buer, men dei seinare åra har det blitt færre av dei. Ho anslår at det finst om lag 100.000 utegangarsau i Noreg i dag.
Foto: Sondre Skjelvik / NRKDyreeigarar har eit kompetansekrav, men ingen sjekkar om det faktisk er til stades.
Om utegangarsauer er overrepresenterte i vanskjøtt-saker, kjenner ikkje Mattilsynet til.
– Kva kan gjerast for å betre situasjonen?
– Vi må få vite om dei. Om vi er klare over dei, så kan vi rettleie eigarane. Når det ikkje er mogleg, må vi fatte vedtak.
– Er det nokre grupper som går att i dei som ikkje steller dyra godt nok?
– Det er ofte dei som har dyr for landskapspleie og hobbybruk, og ikkje for matproduksjon, som er overrepresenterte.
Villsaulaget meiner dårleg dyrehald høyrer fortida til
Styremedlem Hilde Jørgensen i Norsk villsaulag meiner dårleg dyrehald blant utegangarsauer høyrer fortida til.
– Det er mange år sidan vi har høyrt at det er spesielt vår næring som ikkje passar på dyrevelferda.
Jørgensen viser til at Mattilsynet og veterinærar er til stades ved slakting av lam. Eigarar med for små og magre lam blir fasa ut etter kvart, seier ho.
– Å drive med utegang er ei ganske synleg driftsform, det er lett å varsle om noko ikkje ser bra ut. Då er det kanskje verre å følge med om dyra står i fjøs.
Ekspert: - Villsauer utsett for folk utan kompetanse
Hilde Buer er ein av landets fremste ekspertar villsau og har gitt ut «Villsauboka».
Ho synest for mange driv for dårleg. Det har ho sjølv lagt merke til når ho reiser landet rundt for å halde foredrag om dyra.
– Eg ser dessverre ein del dårleg sauestell der ute, seier ho og viser til sauer som går innesperra på område med for lite mat.
Det kan vere dyr som ikkje blir klipte eller medisinerte, og sauer som trakkar i gjørmete og gamalt surfôr.
Buer meiner det er meir dårleg dyrehald blant villsauer enn andre husdyr, og at dyra er meir utsett for folk utan kompetanse.
Buer anslår at det finst om lag 100.000 utegangarsau i Noreg.
Vil ha kompetansekrav på plass
Ragnhild Sæle, leiar i Sogn og Fjordane Sau og Geit kjenner også til problemstillinga.
Ho trur mangel på kompetanse er hovudårsaka.
– Mange tenkjer nok at dette er dyr det «liksom ikkje er så nøye med», seier Sæle.
Lise Boeck Jakobsen i Noregs Bondelag seier dei kjenner til problemet, men at dei ikkje veit kor utbreitt det er.
Ho seier dei jobbar for å få på plass eit kompetansekrav i dyrevelferd. Det er for å sikre at dei som har husdyr har nok kunnskap.