Politiet såg dronar sjølv då dei rykte ut
Politiet er sikre på at det dreier seg om ein drone etter dronekaoset på Flesland. Samtidig seier at det kan dreia seg om fleire.
– Situasjonen er normalisert. Me er over i ein etterforskingsfase, sa politiet då dei informerte pressa klokka 10.
Ingen er mistenkte i saka. Den siste sikre observasjonen av dronen vart gjort av ein politipatrulje klokka ti på sju. Observasjonane er gjort på ulike høgder.