Hopp til innhold

Avslutta aksjon i Sveio: Meldar blir handtert av helsepersonell

SVEIO (NRK): Politiet rykka ut med væpna styrkar til Sveio etter melding om ei alvorleg hending. Torsdag ettermiddag blei aksjonen avslutta.

Store politistyrker i Sveio

MYKJE POLITI: Politiet rykka ut med store ressursar etter den alvorlege meldinga i Sveio. No er aksjonen avslutta.

Foto: Iris Elin Ullvang / NRK

Politiet melder klokka 14.06 at dei no har kontroll.

Klokka 10.30 torsdag formiddag fekk politiet ei melding om ei alvorleg hending i Gullvegen i Sveio.

Tungt væpna rykka dei ut til staden saman med ambulanse. Dei sperra av eit stort område og bad folk halde seg unna området. Situasjonen blei ikkje vurdert som farleg for utanforståande.

NRK på staden såg minst fem politibilar køyre forbi sperringane, mellom anna ein stor SUV og ein sivil politibil.

Væpna politi på staden

VÆPNA: Politimann John Kristian Espeland held vakt. Han vil ikkje uttale seg til media.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Avslutta aksjonen – ingen skadde

I 14-tida køyrde ein ambulanse opp mot staden der politibilane står.

Like etter kom meldinga om at politiet avsluttar aksjonen.

– Politiet ønskjer ikkje å gå i detalj om innhaldet i meldinga, utover at meldinga som kom inn tyda på at det var fare for liv og helse. Melder er handtert av politi og helsepersonell, skriv dei på Twitter.

Meldaren som no er teken hand om av helsepersonell og politi, er ein av dei to personane politiet tidlegare på dagen sa at dei hadde kontroll på.

Innsatsleiar Hans Christian Dahl i politiet seier til NRK at ingen personar er skadde i hendinga.

Ingen fleire involvert

Tidleg i aksjonen vart det sagt at politiet også leita etter tre personar som skulle opphalde seg innanfor det store avsperra område.

– Bakgrunnen for at vi leita etter tre personar var på grunn av det som kom fram i meldinga til politiet. No avsluttar vi aksjonen utan ytterlegare tiltak og det har aldri vore nokon fare for publikum her, seier innsatsleiar Dahl.

Han seier politiet valde å væpne seg grunna alvoret i meldinga som kom inn til politiet i 10.30-tida.

Det blir oppretta sak på hendinga.

Polieti på alvorleg hending i Sveio

VÆPNA: Politiet har rykka ut med store styrkar, mellom anna tungt væpna politifolk.

Foto: Thomas Halleland / NRK

ALVORLEG HENDING: Politiet er i Sveio etter melding om ei alvorleg hending.