Hopp til innhold

Politiet rosar samarbeid: – Lettare å avdekke mørketal i overgrepssaker

Fleire melder frå om overgrep. Etableringa av Statens Barnehus i Førde har redusert reiseavstandane og gjort arbeidet til politiet i fylket langt lettare.

Arne Johannesen

SAMARBEID: Politisjef i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen, fortel at dei no klarer å avdekke fleire overgrepssaker takka vere Barnehuset i Førde.

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK

– Vi har ein betydeleg vekst i tilrettelagde avhøyr av barn. For det første halvåret i 2019 har vi nesten like mange som vi hadde heile året i 2018 og i 2017, fortel politisjef i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen.

Etableringa av Statens Barnehus i Førde i fjor haust var etterlengta. Tidlegare måtte barn utsette for vald og overgrep reise i timevis. Anten måtte dei til Ålesund eller til Bergen for avhøyr og oppfølging av fagfolk.

Politisjefen trur barnehuset i Førde er den viktigaste årsaka til at fleire melder frå om overgrep.

– Terskelen er lågare for å seie ifrå når ein har eit slikt tilbod i eige fylke.

Tal NRK har fått frå politiet viser at det vart gjennomført 86 tilrettelagde avhøyr i 2017 og 89 i 2018. I første halvdel av 2019 har det allereie vore gjennomført 83.

– Dersom dette betyr at vi får avdekt fleire av sakene etter at Statens Barnehus kom til Førde er det veldig bra, seier han.

Arne Johannesen, politileiar i Sogn og Fjordane

FLEIRE MELDER FRÅ: Politisjef i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen, er letta over at fleire alvorlege overgrep no vert avdekt.

Foto: Bård Siem / NRK

Under opninga av barnehuset i Førde sa Johannessen dette til NRK:

– At born må reise i timevis til Bergen for å bli avhøyrt om seksuelle overgrep, er eit overgrep i seg sjølv. Når nokon har vore utsette for den verste form for kriminalitet må vi legge forholda til rette for dei. Det har vore motivasjonen til alle som har jobba for barnehuset.

Barnehuset: – Politiet har større fokus på overgrepssaker

Eirin Baugstø ved Barnehuset i Bergen ser den gode effekten etableringa av Barnehuset i Førde hadde. Ho meiner det er viktig med kort veg, både for politiet og barna.

– Vi er veldig glade for at politiet opplever at vi er ein ressurs både for dei og lokalsamfunnet, seier ho.

Baugstø fortel at dei tilrettelagde avhøyra i utgangspunktet vert gjennomført når det er mistanke om vald eller overgrep.

– Det handlar om å ha eit barneavhøyr som kan vere med å bekrefte eller avkrefte mistanken.

Statens Barnehus i Førde

BARNEHUSET I FØRDE: – Det er viktig at vaksne tek på alvor det barna prøver å seie, seier Eirin Baugstø. Barnehuset i Førde er ei avdeling under Barnehuset i Bergen.

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK

Kor viktig er det at terskelen er låg for å melde frå i sånne saker?

– Det er viktig at nokon er interesserte i det barn prøver å fortelje. Nokre gonger er det ikkje slik som dei vaksne trudde, og andre gonger er det atskilleg verre, fortel ho.

Auke i alvorleg kriminalitet

Politisjefen fortel om ei gradvis endring i kriminalitetsbiletet.

– Kriminaliteten vert meir krevjande å jobbe med. Både fordi den er nettbasert, men også fordi vi har ein stor vekst i den mest alvorlege kriminaliteten som overgrep og vald mot barn.

– De avdekker fleire saker som tidlegare var i kategorien mørketal. Korleis?

– Vi opplever at det først og fremst er lettare å melde ifrå etter at barnehuset kom til Sogn og Fjordane. Vegen er kortare.

Ifølgje politisjefen er det førebyggjande arbeidet mot vald og seksuelle overgrep det viktigaste. Han meiner både kommunar, politi, barnevern og ikkje minst helsevesen har ein stor jobb å gjere på dette feltet.

Vi må lære ungane å vite kor grensa går, legg han til.

Johannessen oppfordrar alle som har mistanke om overgrep mot ungar om å melde ifrå til politiet. Slik får dei moglegheita til å etterforske saka og finne ut om det kan vere noko i mistanken.