Hopp til innhold

Politiet opnar ikkje ny etterforsking etter storbrann

I fjor haust la politiet bort etterforskinga etter storbrannen på Lone i august 2021. Tre personar hadde status som mistenkte, men politiet kom aldri til botns i brannårsaka eller kven som eventuelt stod bak.

I pressemeldinga skreiv politiet at dei ville vurdera å starta etterforsking mot nokon av aktørane som var involverte i planlegginga, prosjekteringa og oppføringa av bygget.

Som NRK har omtalt, og som både forsikringsselskapet og eit uavhengig firma har slått fast, bidrog fleire av løysingane til at brannen blei så omfattande.

Ein fersk rapport frå forskingssenteret FRIC peikar på fleire uheldige bygningsval og brot på byggeforskrifta. Rapporten, som var laga med mål om å læra av brannar i Noreg, tok ikkje stilling til spørsmål om sivilrettsleg eller strafferettsleg skuld og ansvar.

Etter å ha gått gjennom denne rapporten, har Vest politidistrikt no bestemt seg for å legga bort saka for godt.

– Rapporten er ein grundig forskingsrapport, og formålet er først og fremst å visa læringspunkt for igjen å redusera risiko for alvorlege branntilløp. Men ut frå innhaldet i rapporten finn ikkje politiet grunn til å starta etterforsking mot nokon av aktørane som har vore involvert i plan- eller bygningsprosessen, opplyser politiadvokat Are Nygård Bergh i Vest politidistrikt til NRK.