Hopp til innhold

Politiet om valdtektssikta lærar: Har begått overgrep mot fleire barn

Ein elev skal ha blitt utsett for eit seksuelt overgrep ved ein skule i Bergen. Politiet bekreftar sundag at dei etterforskar overgrep mot fleire barn.

Kommunaldirektør Marius Arnason Bøe i Bergen kommune.

FORFERDELEG: Kommunaldirektør Marius Arnason Bøe omtalar hendinga som forferdeleg. I dag blir lærarar og foreldre på klassetrinnet orientert om saka.

Foto: Sjur Mikal Dolve

Torsdag 30. september fekk politiet ei melding om at ein elev ved ein skule i Bergen var utsett for eit mogleg seksuelt overgrep av ein tilsett.

Overgrepet skal ha skjedd på skulen sitt område.

Politiet starta etterforsking, og i løpet av få timar blei ein tilsett pågripen og sikta.

Ein mannleg lærar blei laurdag varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod, sikta for valdtekt mot barn under 14 år.

Sundag opplyser politiet at det er snakk om fleire fornærma og fleire forhold.

– Når det gjeld talet på fornærma og andre detaljar rundt dei fornærma kan me ikkje gå inn på det no. Politiet kan heller ikkje utelukka at det er fleire fornærma, utan at me kan seia noko meir om dette, seier politiadvokat Celin Hauge Andersen til NRK.

Politibil foran Bergen tinghus

FENGSLA: Den sikta mannen blei varetektsfengsla laurdag. Sundag blir lærarkollegaer og foreldre ved den aktuelle skulen informert om saka.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Har utvida siktinga – gjeld fleire forhold

Den sikta har vore lærar på den aktuelle skulen. På grunn av etterforskinga vil ikkje Andersen kommentera om mannen har vore lærar for ein eller fleire av dei fornærma i saka.

– Det er detaljar eg ikkje kan gå ut med på dette tidspunktet. Me må etterforska relasjonen og saka nærare før me kan gi opplysingar om det, opplyser Andersen.

Politiet har avhøyrt fleire personar og vil halda fram med det i tida som kjem. Det er også tatt elektroniske beslag.

– Parallelt med dette jobbar me med gjennomgang av elektroniske spor og gjer andre undersøkingar, utan at me per no kan gå nærare inn på detaljar i den vidare etterforskinga, står det i pressemeldinga.

Saka har høg prioritet, men er enno i ein tidleg fase. Politiet opplyser difor at det er avgrensa kva informasjon dei kan gå ut med.

Sundag opplyser politiet at siktinga er utvida.

Politiadvokat Celin Hauge Andersen i Vest politidistrikt.

ETTERFORSKAR: Celin Hauge Andersen, politiadvokat i Vest politidistrikt, bekreftar at eitt av overgrepa skal ha skjedd på skulen sitt område.

Foto: Julianne Bråten Mossing / NRK

Læraren er sikta for brot på straffelovas §299, valdtekt av barn under 14 år. Han er i tillegg sikta for brot på §304, seksuell handling med barn under 16 år.

– Akkurat kva konkret den sikta har gjort kan eg ikkje gå på inn på av naturlege årsaker.

Kven som melde frå om overgrepet, og omstendene rundt det, vil politiet heller ikkje opplysa om. Heller ikkje opplysingar om alderen til dei fornærma.

– Det ligg i siktinga at barna er under 16 år og 14 år. Dette er ei svært alvorleg sak som politiet set store ressursar på å etterforska, seier politiadvokat Andersen.

– Ei stor belastning

Mannen sin forsvarar Einar Råen har ingen ytterlegare kommentarar til politiet sin pressemelding sundag ettermiddag.

– Min klient var i eit lengre intervju med politiet torsdag kveld. Han samarbeider og ønsker å bistå politiet i denne saka, seier advokaten.

Klienten hans samtykka til fengsling laurdag.

Bistandsadvokat for den fornærma, Cecilie Wallevik, har sundag kveld ingen kommentar til saka.

Sundag morgon blei dei tilsette ved den aktuelle skulen opplyst om at ein kollega var sikta. I eit møte klokka 14 blei dei orienterte om saka frå rektor og etatsleiinga.

Tilsett ved barnetrinnet

Rektoren ved den aktuelle skulen seier barna vil få informasjon på skulen om kva som har skjedd.

Den aktuelle læraren er tilsett ved barnetrinnet ved skulen, ifølgje rektoren.

– Dette er knalltøft. Dette er den tøffaste perioden eg har hatt på jobben i løpet av mine 23 år i skoleverket, seier han.

Kommunaldirektør Marius Arnason Bøe bekreftar at personalet blei informerte via melding sundag føremiddag og deretter i eit møte på skulen.

Foreldre og føresette ved eitt klassetrinn kalla inn til møte sundag ettermiddag.

– Det er klart nokre av foreldra er sjokkert, redd og lei seg, seier rektoren.

Kommunaldirektør Bøe omtalar saka som «forferdeleg».

– Denne type saker er forferdelege å oppleva. Det vert opplevd som ei stor belastning for alle dei som står i saka, uavhengig av kva rolle ein har og kor tett ein er tilknytt saka, seier Bøe til NRK.

I møtet med dei føresette deltok rektor og representant frå skuleetaten i Bergen kommune. I tillegg deltok politiet.

Stiller med fagekspertise

Sundag føremiddag blei alle dei føresette ved den aktuelle skulen opplyst om at saka gjeld ein tilsett ved deira skule. Alle skal ha mottatt ei tekstmelding frå kommunen.

I møtet med dei føresette vil også fagpersonar og representantar frå Statens Barnehus vera til stades.

Barnehuset er eit tilbod til barn og ungdom som kan ha vore utsett for, eller vore vitne til vald eller seksuelle overgrep, som resulterer i ei politimelding.

– Dette er ein type sak som skapar usikkerheit og skuffing, fortel Bøe, som understrekar at også kollegaene til den sikta mannen vil få tilbod om oppfølging.

– I begge møta vil det vera råd å samtala med fagekspertise, som kan svara på spørsmål og kjensler som måtte koma opp når ein får ein slik beskjed.