Hopp til innhold

Politiet om knivstikkinga i Luster: Virkar ikkje som eit tilfeldig offer

Mannen som blei knivstukken i Gaupne i Sogn fredag ettermiddag framstår ikkje som eit tilfeldig offer.

Det opplyser politiadvokat Bernt Dahlsveen.

Fem ungdommar i tidleg tenåra er sikta for kroppsskade og medverknad til kroppsskade.

Ingen av ungdommane har straffehistorikk frå før.

Dahlsveen vil ikkje seie noko om motivet bak hendinga.

– Vi har berre gjort innleiande avhøyr. Planane i dag er å ta avhøyr av fornærma. Då kan vi ha større meining om kva som er bakteppet og motiv, seier Dahlsveen.

Den fornærma mannen er framleis på sjukehus.

– Det er snakk om alvorlege skader. Utover det vil eg ikkje gå inn på meir detaljar.